Hopp til innhold

Våpna dine kan hamne på lager

Det kan bli strengare reglar for å ha våpen i Norge. Dette provoserer jegrar og samlarar.

Jenter på jakt
Foto: www.colourbox.com

Firdaposten skriv at ein nytt utval nedsett av Justisdepartementet skal føreta ein total gjennomgang av den norske våpenlovgjevinga.

Felleslagring, tidsavgrensa våpenløyve og strengare reglar for samlarar står på lista over forslag.

Bakgrunnen er at staten ønskjer betre kontroll av sivilie våpen for å hindre ulovleg bruk og for å gjere samfunnet tryggare.

- Slår beina under jakta

I 2009 var det innført nye reglar med mellom anna krav om våpenskap i heimar med våpen.

- Vi har nettopp fått ei skjerping av forskriftene. Dersom dei ønskjer ei ytterlegare innstramming, så overraskar det meg, seier fylkesleiar Øyvind Hopland i Norges Jeger- og Fiskerforbund til avisa.

Han meiner at forslaget om sentrallagring av jaktvåpen vil slå beina under mykje av jakta.

- Eg kan ikkje forstå korleis dette skal gjennomførast.

Blir provosert

Også våpenseljar, samlar og børsemakar Kjell Tonheim er sterkt provosert over det han høyrer.

- Det er liten tvil om at dei ivrigaste jegrane og samlarane går ein ublid skjebne i vente dersom forslag blir ein realitet. Eg føler meg mistenkeleggjort og det går ut over motivasjonen min til å drive vidare.

- Overformynderi

Han opplever dette som eit eit overformynderi frå byråkratar som ikkje tek utgangspukt i verklegheita.

- Eg føler at dei kriminaliserer og mistenkeleggjer den norske jegerstanden.

I dag finns det 1,4 millionar lovleg registrerte våpen i Norge. I tillegg finns det truleg ein halv million som ikkje er registreringspliktige. I følgje Firdaposten gjer dette Norge til eit dei landa med høgaste våpentettheit i verda. Tal frå Kripos viser at svært få drap blir begått med desse våpna.