Hopp til innhold

Vanskelege køyreforhold i høgfjellet

Vinteren har i dag gjort seg gjeldande i høgfjellet.

Fylkesveg 53, Tyin Hotell

VINTERLEG: Dei som skal over høgfjellet må vere skodde for vinterføret. Slik såg det ut på fylkesveg 53 ved Tyin Hotell klokka 9:26 fredag.

Foto: Web-kamera, Statens Vegvesen

Fleire bilistar melde i morgontimane om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane på Vestlandet.

– Eg kom frå Austlandet no i natt, og heilt frå Gol var det veldig glatt, fortel Stig Oldeide.

På veg over Hemsedalsfjellet i dag køyrde han forbi fleire vogntog som hadde fått problem.

– På toppen var det faktisk skikkeleg snøvêr og då vi byrja på nedstigninga stod det tre vogntog som ikkje kom seg av flekken, seier Oldeide.

Her kan du lese fleire trafikkmeldingar.

Statsmeteorolog Haldis Berge

OBS-VARSEL: Statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av vêrtilhøva. Der vert gjort ei ny vurdering klokka 12. Elles er dei andre fjellovergangane opne, men det er venta vanskelege køyreforhold i høgfjellet på Vestlandet og Sør-Trøndelag .

Meteorolog Haldis Berge fortel at dei dårlege køyreforholda vil halde fram utover dagen.

– Vi har sendt ut OBS-varsel om vanskeleg køyreforhold på høgfjellsovergangane på grunn av sterk vind og snøbyer og snøfokk, seier Berge.