Hopp til innhold

Vogntoga sklir i kvarandre og mange får køyreforbod på fjella

Det var vanskelege køyreforhold, kolonnekøyring eller heilt stengd på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg torsdag kveld. Mange vogntog hamna i grøfta, og fredag morgon er det framleis stengd fleire stader.

torsdag 3. desember 2020. Eit vogntog køyrde i grøfta på Riksveg 7 Hardangervidda. Foto: Jørgen Høibraaten

RIKSVEG 7: Det har vore utfordrande forhold på fjella torsdag. Slik gjekk det på Riksveg 7 torsdag. Foto: Jørgen Høibraaten

Torsdag har det vore utfordrande føre på fleire fjellovergangar.

På E16 er det stengd, og fleire vogntog står i grøfta. Spesielt opp Kvamskleiva er det kaos.

– Fleire vogntog har sklidd i kvarandre, og det har korka seg. Det tek litt tid å få opp att, men me veit ikkje kor lang tid. Me har ti mann og fem bilar ute på berging på ulike vegar no, seier Arve Wangensteen, dagleg leiar i Vang Auto-service.

Klokka 07:30 fredag morgon er desse fjellovergangane i Sør-Noreg stengde grunna uvêret:

  • E134 Haukeli: Kolonnekøyring.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengd på grunn av snøras.
  • Fv 51 Valdresflye: Stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 520 Breiborg – Røldal: Stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 613 Gaularfjell: Stengd på grunn av uvêr.

Kaos på E134

På E134 har det også vore kaotiske tilstandar i dag. I Vinje er det fleire vogntog som har fått køyreforbod.

– Det sette seg fast og måtte ha berging. Det køyrde litt vidare, før han sette seg fast ein gong til. Då fekk han køyreforbod. Det har vore fleire slike i dag, og tidvis så kaotisk at me har måtte rydda vegen, seier Thore Paulsen i Statens vegvesen.

Han har ikkje heilt oversikta over kor mange dei har måtte hjelpa i dag, men anslår at det er minst 12–15 vogntog.

– Det var ein periode det var kaos. Då anbefalte me å heller folk å venta om dei kunne det.

Det eine køyretøyet som fekk køyreforbod hadde fire blankslitne dekk, melder NRK sin reporter på staden.

Flere vogntog har kollidert.

Direkterapport frå E134 i Vinje i Dagsrevyen 21.

Falck har berga 10 personbilar berre no i ettermiddag i Vinjeområdet.

Det er også trafikkutfordringar lenger ned i høgda fleire stader i Sør-Noreg torsdag kveld. Det er meldt om fleire uhell på det glatte føret, melder NTB.

– Me har begynt å få ein del meldingar om at det er glatt på riksveg 2 og 4. Det er yr i lufta som frys på bakken, men me har alt av mannskap ute for å salta og strø, seier trafikkoperatør Mari Aarrestad ved Vegtrafikksentralen øst til NTB måndag kveld.

Søraust politidistrikt meldte kort tid etter kvarandre om to ulukker på glatt føre på E134 i Telemark. Først køyrde tre lastebilar inn i kvarandre ved Vinje. Deretter kom ein patrulje over ein minibuss med tilhengar som hadde køyrt ut på grunn av glatt vegbane ved Åmot.

Vrient tidlegare i dag også

På Riksveg 13 over Vikafjellet har det gått eit snøras, og vegen er som følgje av det heilt stengd. Fram til raset gjekk, var det kolonnekøyring på fjellet mellom Vik og Voss.

– Det vil overraska meg veldig om vegen blir opna i dag, slik vêret er der no, seier Roger Nedberge Hille hjå Vegtrafikksentralen.

Eit vogntog køyrde av vegen mellom Haugastøl og Ustaoset på Riksveg 7 Hardangervidda i ettermiddag. Vegen er mellombels stengd til vogntoget er berga opp att.

På Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet hamna eit vogntog i trøbbel tidlegare i dag, og vegen måtte stengast då vogntoget skulle bergast opp att.

Og dei utfordrande forholda ser ut til å halda fram.

– Det er meldt om ein del nedbør og vind utover kvelden, seier Eirik Rystad Skånøy hjå Vegtrafikksentralen.

Laster Twitter-innhold
Vogntog i grøfta på riksveg 7 mellom Haugastøl og Ustaoset.

UTFORDRANDE: Vegen var open forbi ei stund, men blir stengd når bilberginga går føre seg.

Foto: Jørgen Høibraaten