Hopp til innhold

Det kan ta to år før elevane finn ut at dei har valt feil linje på yrkesfag

– Det var rett og slett var for keisamt. Eg kunne ikkje ha drive på med det kvar dag i årevis, seier Fredrik Solheim (21) som droppa lærlingtida etter to år på yrkesfag.

Fredrik Solheim

FULLFØRTE IKKJE: Fredrik Solheim (21) fullførte ikkje lærlingtida etter bygg- og anleggsutdanninga. No vil han bli personleg trenar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– I løpet av dei to åra fann eg ut at det ikkje var noko for meg, seier Fredrik Solheim.

Han droppa ut etter to år på den yrkesretta linja, bygg og anlegg. I staden for å begynne på lærlingtida, tok han til på allmennfagleg påbygging på Hafstad Vidaregåande skule og har no allmennfagleg utdanning.

Over halvparten av dei som tar yrkesretta utdanning, lar vere å gå lærlingtida. Enten begynner dei på andre utdanningar eller så tek dei eit friår.

– Det er jo klart at tala er er ganske høge, og dette er også ein kostnad for fylkeskommunen, seier Reidun Liljedal Fimreite ved opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

Veit ikkje kva dei går til

Opplærinsgavdelinga i fylkeskommunen likar ikkje situasjonen, men Solheim trur det er fleire grunnar til at ungdomane droppar ut av utdanninga.

– Sjølv visste eg ikkje noko om bygg og anlegg før eg begynte. Eg var heilt blank, men visste at det handla om å byggje. Akkurat då var det den linja som såg mest interessant ut, seier Solheim.

– Kva tenkjer du om at over halvparten droppar ut?

– Det kan nok vere same grunn som eg hadde. Dei tek ein sjanse, og så finn dei ut at det rett og slett ikkje er noko for dei, eller dei er ikkje nøgde med skulen eller utdanninga, seier han.

Sjølv om det var vener som begynte på same linje som han, var ikkje det hovudgrunnen til at han byrja.

– Eg var nok litt skulelei når eg begynte, men eg var førebudd på å gå dei to åra, seier Solheim.

Lite informasjon

Fredrik Solheim droppa ut av skulen medan Malin Skeie valde å fullføre.

– Kvifor fullførte du?

– Eg fullførte fordi eg veit kva eg har lyst til å bli. Eg skal bli barnevernspedagog og eg ville ikkje gå på allmenn, der er det for mykje teori, seier ho.

Skeie gjekk då heller yrkesretta slik at ho kunne få eit fagbrev i kontorfag.

– Då har eg ei grunnutdanning, fortel Skeie.

I tida medan ho er lærling tek ho allmennfagleg påbygging via internett, og ho vil dermed kunne gå vidare på utdanning etter lærlingperioden.

Ho forstår veldig godt kvifor Solheim valde å droppe ut.

– Vi får ikkje så mykje informasjon om dei linjene som er på vidaregåande når vi går på ungdomsskulen. Så det blir litt meir sånn at du veit litt kva det er og må nesten velje ut i frå kva du trur kan vere riktig for deg, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malin Skeie

FULLFØRTE: Malin Skeie er ein av dei som fullfører lærlingtida si.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Bedriftene er treige

– Det kan vere mange grunna til at så mange droppar ut før læretida. Når du er ferdig med andre året på vidaregåande skal du søkje læretid eller studiespesialisering. Dei fleste lærlingar søkjer studiespesialisering i tilfelle dei ikkje får læretid, seier Malin Skeie.

Ho fortel at mange bedrifter er treige med å svare og difor er det mange som takkar ja til tilbodet på skulen. Og då misser læretida.

– Kva gjer det med motivasjonen?

– Ein misser motivasjon når bedriftene er veldig treige på å svare. Elevane går då rundt og ventar på svara og ingen vil vente for alltid. Og då kan ein ta eit val som ein kanskje angrar på i etterkant. Bedriftene vil ha folk ut, men då må dei kunne stå på og seie at dei vil ha elevane og gje svar fort, meiner Skeie.

Vil ha mindre teori

For Skeie sin del fungerte utdanninga greitt, men ho synest det kan bli litt for mykje teori på dei yrkesretta linjene.

– Det er jo meininga at det skal vere praktiske linjer. Eg synest det blir litt for mykje teori, seier ho.

– Bør ein endre på utdanninga?

– Det er vanskeleg for meg å seie, men det burde vore meir prosjekt og fordjuping i klassane. Spesielt andre året skulle ein hatt meir utplassering i bedriftene for å lære arbeidet og bli kjent med kva linja dei går på faktisk er, seier ho.

– Då få ein sjanse til å ombestemme seg.

Meir skule

Fredrik Solheim jobbar for augneblinken, men skal snart i militæret.

– Eg har lyst til å gå meir skule. Eg sakna skulen og då helst det sosiale.
Når eg er ferdig i militæret vil eg gå idrettsfagelg linje og bli personleg trenar.

– Angra du på at du droppa ut?

– Nei, eg er 100 prosent sikker på at valet var rett.