Dataeventyret som skulle skaffe Voss nye arbeidsplasar og auka folketal, strevar med å halde hovudet over vatnet. Rekneskapen for i fjor syner at Nordisk Språkteknologi hadde eit digert underskot i 2001. Medan inntekene var på bare ein million kroner, var utgiftene på heile 73 millionar.
Kjem ikkje pengane inn til selskapet fort, kan det vera slutt alt til hausten. Selskapet har alt sagt opp tre av sjefane. Elles har selskapet 30 tilsette.
Nordisk Språkteknologi er fremst i Norden når det gjeld språkteknologi, det vil seia system som gjer at ein kan snakka med datamaskinen.