Husevåg var plukka ut som årets UKM-artist. Hans draum er å bli profesjonell musikar, og turnere i inn og utland. Han har i fleire år delteke på Ungdomens kulturmønstring, og kom i fjor vidare til landsmønstringa, noko han omtalar som dei kjekkaste og mest inspirerande døgna han kan hugse.
– Dei tre artistane hadde vi plukka ut som ein del av demokonkurransen vår. Desse kjempa om eit stipend på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest for beste opptreden under NRK Sommarlutt, seier Sjursen Takle.
Vil vise fram nye talent
Husevåg starta å spele piano då han var sju, og er i dag ein del av talentprogrammet til Gloppen kulturskulen på NRK Sommarlutt presenterte han sine eigne låtar åleine på scena med gitar og loop-maskin.
Prosjektleiar Stian Sjursen Takle fortel at håpet og målet med SommarLutt er at endå fleire skal få opp auga for kor mange dyktige unge musikarar vi har frå Sogn og Fjordane.
– Det at vi har fått med oss b0ka er heilt strålande. Dei er noko av det mest spennande og særeige på musikkfronten frå fylket nett no, seier han.
Han er også veldig nøgd med at Line frå Selje tek med seg band og vitjar NRK SommarLutt. Ho er i gang med sin eigen spennande solokarriere etter at ho vart kåra til Årets urørt med The Pink Robots i 2010. og det er knytt stor spenning til bandet Tripod som slepper sin nyaste singel under konserten.
- LES OGSÅ:
Framførte sommarhit
Ein av dei mest røynde artistane var Odd-Erik Lothe, som var på heimebane når han kom til Nordfjordeid med sin heilt ferske sommarlåt i gitarkofferten. NRK P1 har stor sans for låten, og har lagt den på den såkalla A-lista gjennom heile sommaren.
Det betyr at du kvar einaste dag kan høyre låten hans over heile Norge.
– Det er ei perfekt sommarlåt som får deg til å tenkje over kor flott vi har det i eige land. Kva er vel betre enn å nyte jordbær frå Nordfjord på eit svaberg med utsikt mot havet, ein surfetur på Stad, fjelltur med utsikt eller ein padletur på Sognefjorden?
Odd-Erik Lothe framførte låten saman med Ole Telvik, Leif Telvik og Line Dybedal.
- LES OGSÅ: