Hopp til innhold

Vann publikum med latter

18-åringane Erlend Eide og Pål Djupegot frå Sandane vann publikumsprisen og prisen for beste komedie på Q-filmfestivalen på Sandane i helga.

Vinnarar av Q-filmfestivalen i Gloppen

Christine Schwarz delar ut pris til Erlend Eide og Pål Djupegot på Q-prisgallaen på Sandane i helga.

Foto: Ole Bjørn Eithun Pedersen

21 filmar vart vurdert av juryen på Q-filmfestivalen på Sandane i helga.

- Vi er veldig godt nøgd med heile festivalen, seier leiar Christine Schwarz.

Sjå vinnarfilmen

Sjuande festivalen

Dette er det sjuande året Q-film-festivalen blir arrangert på Sandane. Festivalen blir arrangert av medialina på Firda vidaregåande skule.

I år var temaet komedie, og 18-åringane Erlend Eide og Pål Djupegot stakk av med både prisen for beste komedie og publikumsprisen.

- Vi hadde godt og vel hundre folk innom, og det er vi godt nøgd med, seier Schwarz..


Positiv respons

Video nsps_upload_2008_11_21_18_50_21_1678.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- No er eg sliten, men veldig glad, seier Schwarz.

Ho fortel at dei har fått god respons, og meiner dei har klart jobben veldig bra for å vere sju jenter.

- Vi er blitt inspirert til å lage meir film vi. Spesielt etter foredraget til Geir Henningh Hopland som har regissert musikkfilmar og kortfilmar. Han fortalte at ein ikkje treng å ha så mange pengar for å kunne lage god film, seier leiaren for filmfestivalen.

No ventar rapportskriving og budsjettgjennomgang.

- Vi trur vi har klart oss ganske bra i høve budjsettet som var på 60 000 kroner. Men vi har ikkje gått gjennom det enno, så vi får sjå, seier Schwarz..