Hopp til innhold

Student laga film om surfemamma på Stad - vann prisen Årets Bilde

Sindre Thoresen Lønnes reiste til Stad og filma det som kanskje er den einaste surfemammaen i Skandinavia. No har han vunne pris.

Den unge fotojournaliststudenten Sindre Thoresen Lønnes reiste til Stad og filma det som kanskje er den einaste surfemammaen i Skandinavia. No har han vunne pris.

Kortfilmen fortel historia om surfemamma Anne Kari Lerfald som har etablert eit eige surfehus i Hoddevik på Stad.

Filmen fekk onsdag prisen Årets Bilde i kategorien video.

- God stemning

I si grunngjeving skriv juryen i Pressefotografenes klubb at:

«Dette er godt fotografisk handverk. I kjem tett på hovudpersonen. Filmen utmerkar seg fotomessig. Den er fint klipt og har god stemning», skriv fotojournalisten.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå filmen Surfemamma

SURFEMAMMA: Filmen handlar om Anne Kari Lerfald som driv eit surfepensjonat i Hoddevika på Stad.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes/skjermdump

- Kanskje den einaste surfemammaen i Skandinavia

Lerfald reiste sjølv til Stad etter at ho hadde fekk vite at ho hadde ein alvorleg sjukdom. Ho starta eit surfehus på Stad, der ho har opna huset for folk i surfemiljøet frå heile verda.

- Eg visste om denne dama, som driver eit surfepensjonat åleine og kallar seg for surfemamma. Ho er den einaste surfemammaen i Skandinavia, så vidt eg veit, og har ei veldig sterk stemme i lokalmiljøet i Hoddevik, seier Thoresen Lønnes til fotojournalisten.no.