Vann kulturpris i Stad

Kostymegruppa til Opera Nordfjord med Anne Regine Sønderland (i bildet) i spissen, får kulturprisen frå Stad kommune. Juryen gir prisen på grunn av det store engasjementet og arbeidsinnsatsen som gruppa har lagt inn. Sønderland får heider for å vere inkluderande, tolmodig og kunnskapsrik.

Ungdomsprisen i same kommune går til Amalie Fure (17). Juryen meiner ho har vist seg som ei uredd stemme som har tort å sette tabubelagde tema på dagsorden. Fure har vore engasjert i BUA Selje, som konferansier på UKM og som medlem i Stad ungdomsråd.

Anne Regine Sønderland
Foto: Kostymegruppa Nordfjord