I alt 38 skular deltok, og blant fleire hundre bidrag var det 15 år gamle Ida Katrine Hestad frå Sande i Sunnfjord som vann. Ho har skrive eit dikt som heiter Barnesoldaten.
Med i juryen var mellom andre barneombodet, kulturredaktør i Dagbladet og forfattarar som Erlend Loe og Simon Flem Devold.
Barnesoldaten
Dei sa du skulle skyte,
men dei små fingrane ville ikkje.
Dei sa du måtte kjempe,
men den vesle kroppen ville ikkje.
Dei sa at mor ville komme tilbake,
men det gjorde ho ikkje.
Du såg døde menn,
men du skulle ikkje gråte.
Du såg blod og tårer,
men du skulle ikkje være trist.
Du såg kameratar bli drepne,
men du skulle ikkje sørgje.
Du skulle reise ut i krigen,
men du ville ikkje.
Du skulle drepe fienden,
men du ville ikkje.
Du skulle komme heim frå krigen,
men det gjorde du ikkje.