Hopp til innhold

Vandra rekordlangt før den blei skoten

Heile 125 mil vandra jerven før den blei felt i Luster i april.

Ein hannjerv

SKOTEN: Den eine av jervane som er tekne ut i Luster kommune er den såkalla Tanajerven. Det syner vevsprøvar frå dyret som vart skote i Båtdalen i Luster 17. april.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Så langt vandra jerven

LANG VANDRING: Hannjerven er kjend for å ha vandra nesten heile Norge på langs, frå Tana i Finnmark til Luster. Dette er ei strekning på 125 mil i luftlinje.

Foto: Rovdata

Den såkalla Tanajerven blei kjent for å ha vandra nesten heile Norge på langs, frå Tana i Finnmark til Luster i Sogn. No viser DNA-analysar at den er felt i sin nye heimkommune, skriv rovdata.no.

I Sogn og Fjordane, som saman med Hordaland, Rogaland og Vest-Agder utgjer forvaltningsregion 1, er det bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv. Her har beitande dyr prioritet.

Bøndene i Sogn har fått løyve til å skyte 10 jervar og i vår er det teke ut seks jervar.

Rovdata har analysert vevsprøver frå jerven som blei teken ut det ekstraordinære uttaket i Båtdalen i Luster 17. april. Prøvane viser seg å stamme frå «Individ 2869», også kalla Tanajerven som blei registrert for første gong i Finnmark i 2013.

– Etter at hannjerven blei registrert i kommunane Luster og Skjåk i fjor, er han i vinter påvist gjennom to prøvar som blei samla inn i februar nord for Jostedalsbreen i Sunndalen i Stryn kommune. Sidan har han kryssa Jostedalsbreen eller vandra forbi den i aust på veg sørover, før han til slutt blei skoten om lag to mil i luftlinje sør for Sunndalen, seier Øystein Flagstad som er genetikar i Rovdata.

Den rekordlange vandringa er dokumentert gjennom innsamling og DNA-analysar av prøver, og er den lengste vandringa som nokon gong er registrert på jerv.