Hopp til innhold

Rotevatn slo ut Venstre-topp i kampvotering om stortingsplass frå Hordaland

Statsråd Sveinung Rotevatn fekk ein knipen siger over Terje Breivik i kampen om stortingsplass frå Hordaland. No skal Breivik slipe knivar og spele rock 'n' roll.

Sveinung Rotevatn innstill som 1. nestleder av Venstres valgkomite.

NESTLEIAR: Sveinung Rotevatn tapte kampen om leiarvervet for Venstre. No håper han på ein stortingsplass frå Hordaland.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Eg er veldig glad for at fleirtalet har gitt meg tillit, seier Sveinung Rotevatn til NRK.

Han er statsråd, nestleiar i Venstre og vann laurdag kampen om førsteplassen på stortingslista til Venstre frå Hordaland valdistrikt.

– Men det er inga garanti for å komme inn på Stortinget, vi må jobbe for kvar einaste stemme, vedgår Rotevatn.

Det blei ein kort debatt laurdag føremiddag før kampvoteringa starta klokka 12 i det digitale nominasjonsmøtet til Hordaland-delen til Vestland Venstre.

Fleire frå lokallaget i Bergen tok til orde for å støtte Sveinung Rotevatn, mens delegatar frå Bømlo og Voss støtta Terje Breivik som toppkandidat.

Den skriftlege voteringa enda med 38 stemmer til Breivik og 41 stemmer til Rotevatn.

Ane Breivik frå Bergen Venstre og Geir Angeltveit frå Stord er vald som andre- og tredjekandidat på stortingslista.

Til hausten skal Breivik slipe knivar

Breivik har snart vore stortingsrepresentant i åtte år, er parlamentarisk leiar på Stortinget, og var inntil i fjor nestleiar i partiet.

Finansbyråd i Bergen, Erlend Horn, var blant dei som tok til orde for Rotevatn.

– Sveinung er ein perfekt kandidat her i vest. Han evnar å sjå perspektiv frå by og land, sa Horn.

Rotevatn sjølv omtala før møtet Breivik som ein sterk utfordrar.

Breivik sjølve er skuffa over tapet, men gratulerer motkandidaten med sigeren.

– Eg ønskjer han lukke til. Eg trur det blir veldig bra, seier han til NRK.

– Kva skal du gjere no?

– No skal eg fortsette som parlamentarisk leiar og kjempe for Venstre til hausten.

– Kva med hausten når du er ute av Stortinget?

– Då skal eg slipe knivar og frisørsakser og spele rock 'n' roll. Eg driv ein slipeverkstad i Ulvik på si, seier Breivik.

Han blir sjølv takka av Rotevatn for ein god nominasjonsprosess.

– Eg har ikkje eit vondt ord å seie om han.

Terje Breivik

ROCKAR: Terje Breivik har ofte nytta rockemusikk i politisk samanheng. Frå hausten står han utan verv i Venstre.

Foto: Geir Olsen / NTB

Rykte om delegattriksing

På førehand skal det ha vore daudt løp mellom dei to partitoppane i oppslutninga blant delegatane til nominasjonsmøtet.

Det har også vore rykte om at Unge Venstre og Venstrekvinnelaget skal ha vurdert å opprette nye lokallag for å skaffe seg fleire delegatar til kvar sin kandidat, ifølgje Vårt Land og BT.

Overfor NRK avviser Rotevatn at han har høyrd noko om det.

– Kva synest du om at ein vurderte ein slik taktikk inn mot eit nominasjonsmøte?

– Eg registrerer at alle som var på møtet er folk som har vore slitarar og aktive i lokale Venstre-lag som eg har kjent godt i mange år. Eg er glad for at dei var der, og håper vi kan bli enno fleire i Venstre og få enno fleire lokallag i framtida, seier Rotevatn.

Breivik og Rotevatn

KAMPHANANE: F.v. Terje Breivik og Sveinung Rotevatn kjempa om sjanse til å komme på Stortinget for Venstre til hausten.

Foto: Liv Aarberg

Kulturaktørar ønska seg Breivik

Rotevatn har budd fleire år i Bergen og har sterk støtte i lokallaget der, som har desidert flest delegatar, og i studentlaget og Unge Venstre.

Spørsmålet var om han, som kjem frå Sogn og Fjordane, kunne vinne nok støtte frå distriktskommunane.

Tidlegare i veka tok lokale kulturaktørar til orde for at Venstre skal gå for Breivik nok ein gong.

Ekstremsportveko, Fargespill og Litteraturhuset i Bergen peika overfor NRK på at dei kjenner han godt og at han har gjort ein god jobb for dei opp mot budsjettarbeid.

Rotevatn forsikrar at han vil gjere jobben for både nærings- og kulturlivet lokalt framover.

– Eg kjenner mange og vil bruke tida godt fram mot valet til å treffe enno fleire.

Sjølv om Rotevatn no er førstekandidat, er det langt frå sikkert at han får nokon plass på Stortinget. Venstre har lenge slite på meiningsmålingane, og låg på 2,4 prosent i siste meiningsmåling for NRK i februar.

Partibarometer februar 2021

Periode 25/1–31/1. 945 intervjuer. Feilmarginer fra 1,1–3,1 pp.
R
3,9 %
+0,2
SV
8,3 %
−0,6
AP
20,7 %
+0,6
SP
21,9 %
+0,6
MDG
4,8 %
+0,9
KRF
3,5 %
−0,2
V
2,4 %
−0,1
H
22,8 %
+0,2
FRP
8,3 %
−3,0
Andre
3,3 %
+1,3
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten