Hopp til innhold

Slik er gangen i val av nytt styre i Helse Førde

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, tek ikkje attval. 7 av dei 11 styreverva blir oppnemnde i februar.

Helse Førde styremøte

STYRET I HELSE FØRDE: Sju av elleve styreverv blir oppnemnde i februar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ein ringerunde NRK har gjort syner at fleire av styremedlemane i Helse Førde som er til val i februar fortsatt er i tenkeboksen.

– Eg har eit avslappa forhold til det. Eg vil avvente kommunestyra sine uttalelser, seier Harry Mowatt.

– Det er mange omsyn å vurdere, seier Anni Felde.

Prosessen

I styret til Helse Førde sit det 11 personar. 7 av dei er sokalla «eigaroppnemnde representantar», det vil sei Helse Vest sine representantar, og det er desse som skal oppnemnast i februar.

Helse Vest ber kommunane og fylkeskommunen om forslag til kompetente kandidatar blant folkevalde til 4 av styreverva.

Dei resterande 3 blir oppnemnd av Helse Vest sjølv.

Resten av styret er 4 tilsetterepresentantar og dei vart oppnemnde i mars.

val av nytt styre

VAL AV NYTT STYRE: Slik er gangen i det.

Klart i februar

Kommunane og fylkeskommunen har frist til 15. desember med å komme med kandidatar.

Tenestetida for styremedlemmer er normalt to år.

Nytt styre i Helse Førde skal vere oppnemnd innan utgongen av februar 2012.

  • LES OGSÅ: