Hopp til innhold

Valnemnda i Fiskarlaget seier dei vart «ført bak lyset» i varslingssak

Valnemnda i Fiskarlaget vart ikkje orientert om varslingssak, og innstilte mannen til toppverv. – Mogleg brot på Likestillings- og diskrimineringslova, seier arbeidsrettsekspert.

Fiskeri

HELDT I MØRKET: Valkomiteen i Fiskarlaget er opprørt over måten leiinga har handtert ei varslarsak frå ein kvinneleg tilsett mot ein sentral tillitsvalt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Vi vart førte bak lyset, seier leiar i valkomiteen i Fiskarlaget, Stig Oldeide.

Fiskeskipperen (66) frå Måløy er opprørt over måten leiinga i Noregs Fiskarlag har handtert ei alvorleg varslarsak frå ein kvinneleg tilsett mot ein sentral tillitsvalt i Fiskarlaget.

– Det verkar som om han det vart varsla om skulle vernast, seier han.

Kvinna bak varselet hevdar at ho ved fleire høve i 2018 og 2019 vart utsett for seksuell trakassering av den mannlege fiskarlagstoppen.

Varselet vart overlevert leiinga i Fiskarlaget i september 2019 – i god tid før landsmøtet i november same år.

Likevel vart ikkje valnemnda orientert.

Politiet har innleia etterforsking, og mannen som varselet gjeld har mellombels trekt seg frå alle verv.

Han har gitt beskjed om at han ikkje er samd med kvinna si framstilling av saka.

Stig Oldeide

VONBROTEN: – Vi vart førte bak lyset, seier leiar i valkomiteen i Fiskarlaget, Stig Oldeide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Valkomiteen burde visst

– Valkomiteen burde ha vore varsla, seier Brit Semner.

Ho er ekspert i arbeidsrett og forfattar av boka «Diskrimineringsvern i arbeidslivet, ei handbok om likestillings- og diskrimineringslova».

Semner viser til Likestillings- og diskrimineringslova paragraf 13 som omhandlar plikta til å førebyggje og forhindre at det skjer seksuell trakassering i arbeidslivet.

– Ut frå det som er opplyst i denne saka verkar det ikkje som om leiinga i Fiskarlaget har hatt tilstrekkeleg kunnskap, og heller ikkje handtert varselet på ein måte slik lovverket krev, seier ho.

Brit Semner

BURDE ORIENTERT:– Valkomiteen burde ha vore varsla, seier Brit Semner, ekspert i arbeidsrett.

Foto: Høyre

Trykker ikkje på den store knappen

Anne Cathrine Frøstrup leidde varslingsutvalet som la fram sine anbefalingar til regjeringa i 2018.

– Arbeidsgivar unnlét ofte å trykke på «den store knappen», og håper at det vil gå over, sa ho då ho gav utgreiinga til arbeidsminister Anniken Hauglie (H).

– Ut frå det som har kome fram i media kan det verke som om denne saka ikkje er teken på alvor, noko vi dessverre ser igjen i mange saker, seier ho til NRK.

Ho presiserer at ho ikkje kjenner detaljane i saka, og ikkje vil vere bombastisk. Men legg til:

– Vi ser ofte at resultatet blir betre om varslingssakene blir tekne på alvor frå dag ein. I denne saka kunne eit alternativ kanskje ha vore at vedkommande fekk høve til å trekkje kandidaturet sitt, seier ho.

Anne Cathrine Frøstrup

IKKJE TEKEN PÅ ALVOR: – Det kan verke som varslarsaka i Fiskarlaget ikkje er teken på alvor, seier Anne Cathrine Frøstrup.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nils Kristian Lie er advokat og partnar hos Kluge, med arbeidsrett og personvern som fagområde.

Han minner om at krava til diskresjon er strenge under ei pågåande varslingssak der begge parter har rett til innsyn og kontradiksjon.

– Det er difor mogleg at arbeidsgjevar har gjort det juridisk sett rette når han har gitt seg sjølv tausheitsplikt. Om det er ei god politisk vurdering, er ei anna sak.

Hyra inn for uavhengig gransking

Etter at saka vart kjent i media, bestemte landsstyret i Fiskarlaget seg for å hyre inn advokatkontoret Selmer for ei uavhengig gransking.

Det var generalsekretær i Fiskarlaget, Otto Gregussen, som hadde ansvaret for å handtere varselet då det kom.

Otto Gregussen

INGEN KOMMENTAR: Generalsekretær i Fiskarlaget, Otto Gregussen, vil ikkje uttale seg før granskinga er over.

Foto: Even Langmo / NRK

Ettersom sjølve handteringa er ein del av det som skal granskast, vil han ikkje uttale seg før granskinga er over.

Av same grunn avviser også leiar i Fiskarlaget, Kjell Ingebrigtsen, å uttale seg.

Heller ikkje assisterande generalsekretær i Fiskarlaget, Jan Birger Jørgensen, vil seie noko.

NRK har vore i kontakt med mannen som varselet gjeld. I ei tekstmelding til NRK går det fram at han ikkje vil gje ytterlegare kommentarar.