Hopp til innhold

Begge ville bli partileiar i MDG. Valkomitéen vil ha henne

Ein samrøystes valkomité vil ha Une Bastholm (34) som partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne. Ho er open for regjeringssamarbeid med både Høgre og Arbeiderpartiet.

Arild Hermstad og Une Aina Bastholm

TO AV TRE: – Eg tenkjer Une Bastholm er ein framifrå leiarkandidat, seier Arild Hermstad om den sannsynlege MDG-leiaren.

Foto: Leif Rune Løland

Samstundes vart Arild Hermstad (53) og Lan Marie Berg (32) søndag innstilt som likestilte nestleiarar.

– Eg er audmjuk og glad for å få denne tilliten. Målet mitt er å gjera MDG til eit breitt, grønt og moderne folkeparti. Me skal gi framtidshåp i ei tid der mange blir resignert over manglande politisk handling for klima, natur og menneskerettar, uttalar Une Bastholm til NRK.

Ho er i dag partiet sin einaste stortingsrepresentant.

Til Aftenposten seier ho søndag kveld at ho og MDG er klar for å gå i regjering allereie etter stortingsvalet neste år. Både i Sverige og Finland har søsterpartia regjeringsmakt.

På meiningsmålingane i februar har MDG i snitt hatt 5,4 prosent oppslutnad, tilsvarande ni stortingsrepresentantar, ifølge Pollofpolls.

– Ap er feigt

Ifølge Bastholm kan samarbeid med eit Høgre «som ikke er klistret til Frp» vera like aktuelt som eit samarbeid med Ap. Men ho understrekar at MDG ikkje går i regjering for ein kvar pris.

– Den politiske plattforma må vera god på miljø og klima. Dagens politikarar tør ikkje legga hovudet på blokka og seia kvar og korleis dei vil kutta utslepp.

Ho meiner både Høgre og Ap dermed opptrer økonomisk uansvarleg og sviktar som styringsparti.

Ho kallar også Ap «feigt» mellom anna fordi partiet no vil endra naturmangfaldlova slik at det blir enklare å skyta ulv. Og ho kritiserer Ap sitt nei til å bygga NorthConnect-kabelen mellom Hardanger og Skottland, og dermed nei til kraftutveksling mellom Noreg og Storbritannia.

To ønska leiartittelen

Bortsett frå ein kort periode på 1990-talet har Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) aldri hatt éin partileiar. I staden har partiet to nasjonale talspersonar. Sidan i fjor har det vore Une Aina Bastholm og Arild Hermstad.

Det er derfor ikkje ei bombe at valkomitéen meiner landsmøtet i april bør velja Bastholm til leiar og Hermstad og Oslo-byråd Berg til nestleiarar.

Lan Marie Berg

PARTITOPP: Lan Marie Berg, byråd for miljø og samferdsle i Oslo kommune, er innstilt som nestleiar i MDG.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men både Bastholm og Hermstad har begge har sagt klart frå offentleg at dei ønska å bli partileiar.

– Men eg «beliter meg», som me seier i Bergen. Me er eit parti som først og fremst skal snakka til ungdomen. Då trur eg det er lurt å satsa på unge folk i leiinga. Eg trur Une har det som skal til for å tidobla talet på representantar på Stortinget, seier Hermstad til NRK.

Han viser til at Bastholm har fungert fire år som talsperson, har meir politisk erfaring enn han, og er ein breiddepolitikar som kan dekka mange politiske område.

– Styrken min er i større grad miljø- og klimapolitikk, men også næring og samferdsle.

– Hareide som Frp'ar

Som døme på det siste gir han eit stikk til den nye samferdsleministeren, Knut Arild Hareide (KrF).

– Eg var optimistisk då Hareide fekk den posten, men er stygt redd han skal føra Frp-politikk vidare, berre med ny logo. Han sa at klima var viktig, men så kravde han motorveg i Bærum for å gå med på å bygga Fornebubanen.

Hermstad meiner mellom anna at ny E16 mellom Voss og Bergen ikkje treng fire felt.

– Tida for motorveg-galskapen, særleg på Vestlandet, må vera over. Me må bruka milliardar på ras- og flaumsikring der folk bur, og på tog heller enn motorvegar.