Valdtektssikta er sett fri
Personen som er sikta for ei valdtekt i Førde sentrum natt til tysdag, er sett fri i dag. Lensmann i Førde Dag Fiske seier at guten framleis er sikta, men at det ikkje er fare for at bevis skal gå tapt, og at han difor er sett fri. Både den sikta og den fornærma i saka er under 16 år.