Politiet fryktar at mannen, som er i 30-åra, kan gjere nye lovbrot, og ynskte difor å halde mannen fengsla til saka er venta å komme opp 10. – 13. juni.
– Mannen har ein god del forhold knytt til vinning- og narkotikakriminalitet, hovudsakleg tilbake til januar i år, og vi meiner det er fare for gjentaking, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.no.
POLITIADVOKAT: Sissel Kleiven (t.v.).
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRKMannen vart pågripen saman med ei kvinne i 30-åra etter at ein mann og kvinne i 40-åra vart angripne og skadde i sin eigen bustad i påska. Mannen vart varetektsfengsla i to veker, sikta for lekamsskading.
Kleiven ynskjer ikkje å kommentere nærare kva som har kome fram gjennom etterforskinga av valdsepisoden.
– Hovudforhandlinga er førehandsberamma til juni. Vi håpar å få tatt ut ein tiltale så snart som råd, seier politiadvokaten.