Hopp til innhold

Valde vekk rockekarrieren for eit liv i moderne kloster

ORTNEVIK (NRK): Dei vann P3 sin Urørtfinale i 2009. No brukar dei all tida si på å be til Gud i eit moderne kloster.

Klosteret i Ortnevik

FEKK EIT KALL: Camilla Merkesvik Ådland (t.h.) og Thea Elisabeth Warvik kjem i nærkontakt med Gud når dei utfører bønerituala i klosteret.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi opplevde at vi fekk eit kall. Det var dette vi skulle gjere, vi skulle bu her i Ortnevik og vi skulle be, seier Ole Merkesvik Ådland.

Han er utdanna siviløkonom, og saman med kona Camilla Merkesvik Ådland budde han mange år i Oslo, der dei begge var med i Urørt-vinnar Pony the Pirate.

– Eg tippar dette er lyden av Festival-Noreg 2009, sa Thomas Seltzer då sigeren var eit faktum den gongen.

Men saman med ein annan familie, valde dei eit heilt anna liv. Eit liv i eit moderne kloster.

PONY THE PIRATE MED DEBUTALBUM

DEN GANG DÅ: Popgruppa Pony the pirate då dei kom med debutplata si i januar 2010. Året før gjekk bandet helt til topps i Urørtfinalen. Ole og Camilla Merkesvik Ådland står fremme, til høgre i bilete.

Foto: Lise Åserud / NTB

Lev av gåver og donasjonar

På eit lite småbruk i Ortnevik i Høyanger i Sogn har dei bygd opp eit bønehus der dei ber til faste tidspunkt fleire timar kvar dag.

Her har dei skaffa seg ein liten flokk med sauer av rasen gamalnorsk spælsau.

Ikkje for å tene pengar, men for å ha noko å sysle med. For dei to barnefamiliane har ikkje noko jobb utanom.

Camilla Merkesvik Ådland kjem frå Ortnevik. Paret hadde trygge jobbar og inntekter i Oslo, men bestemde seg for å flytte etter å ha vore på besøk i bygda for fem år sidan.

– I det store bilete, så ser vi oss ikkje tilbake, seier ho.

Dagane er sentrert rundt bønerituala, faste måltid og litt fysisk arbeid knytt til garden og sauehaldet.

Den einaste inntekta dei har, er pengar dei får frå folk som sender gåver og donasjonar. Folk som vil støtte klosteret, og som tykkjer dei gjer noko godt.

Inspirert av 300-talet

Ved å gjere seg uavhengig av annan inntekt kan dei bruke all tid og alle krefter på det som er heile poenget med klosteret: å kome i kontakt med Gud, og å dyrke kjærleiken til Gud.

– Vi er inspirert av kristne på 300-talet som reiste ut i ørkenen for å søkje kjernen i kristendommen, men også av keltiske munkar, og kloster rundt om i verda.

Det finst fleire kloster i Noreg, men ingen som det moderne klosteret i Ortnevik. Dei har skapt sitt eige konsept, og har tenkt til å halde fram med å utvikle og dyrke det.

– Som dei ønskjer vi å finne kjernen i trua, det er ein radikal tanke om å leve på ein ekte og ærleg måte.

Ole Ådland i Ortnevik

FINN ROA: Ole Ådland fin roa i kvardagen når han syslar med gardsarbeid, og er med sauene.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Eit enkelt liv, men ikkje sølibat

Men dei fire vaksne lever ikkje i sølibat, eit kjennemerke ved dei fleste andre kloster.

I staden forsøkjer dei så best dei kan å kombinere grunnideane i klosterlivet med eit moderne småbarnsliv.

Det handlar til dømes om å avgrense kor mange val dei tek i løpet av dagen.

– Vi et havregraut til lunsj kvar dag. Ikkje fordi havregraut har ein spesiell stilling i teologien vår, men fordi vi då slepp å tenkje noko meir på det, seier Ole Merkesvik Ådland.

– Og når vi er lei av havregraut, så minner det oss om at det er noko større vi lever for.

Arbeid er ein viktig del

John Eivind Walvik er ein av to menn i klosteret, og er utdanna tømrar.

For tida snikrar han på eit lite vinterfjøs til klostersauene, og arbeidet er ein viktig del av klosteropplevinga.

Dei får ro i fysisk arbeid nokre timar kvar dag.

– Å snikre er ikkje noko høgtflygande, det er veldig konkret. Å kjenne på trua i det konkrete, det er veldig viktig, trur eg, seier han.

John Eivind Walvik

TØMRAR: Akkurat som Jesus sjølv, er John Eivind Walvik tømrar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vil halde fram i all overskodeleg framtid

Ved middagsbordet i bønehuset er kontrasten til dei stille bønestundene stor.

Fire ungar spring rundt og oppfører seg akkurat slik som ungar gjer.

Dei to barnefamiliane sine liv er sært ulike dei fleste jamaldrande sine, men å få små ungar til å sitje stille ved bordet blir ikkje nødvendigvis enklare av den grunn.

Sjølv om det er krevjande å kombinere rolla som småbarnsforeldre og eit liv i kloster, har ingen av dei fire planar om å forlate det nye livet.

– Det er klart det er mykje vi saknar med livet i byen, men vi har kjent på noko her som vi ikkje kjem til å gje slepp på så lett. I det store og det heile trur eg at vi kjenner at vi har valt rett, seier Ådland.

Familiemidag i Ortnevik

BESTEMDE SEG: Paret hadde trygge jobbar i Oslo, men bestemde seg for å flytte til Ortnevik for å leve i eit moderne kloster etter å ha vore på besøk i bygda for nokre år sidan.

Foto: Oddmund Haugen / NRK