Mongstad i Nordhordland er kanskje mest kjend for det store oljeraffineriet, som ligg i kommunane Alver og Austrheim.
No kan området få eit vindkraftanlegg med fem turbinar inne på industriområdet. Turbinane kan bli 250 meter høge.
– Treng fornybar straum
Prosjektleiar Einar Vaage i Greenspot Mongstad seier det er svært tidleg i prosessen.
– Men vi håpar å få klarsignal frå dei to kommunane mot slutten av året, og at vi då kan starta prosessen med konsesjonssøknad med NVE.
Han vil ikkje spekulera i kva tid anlegget eventuelt kan stå ferdig, og understrekar at dei må ta seg god tid for å kunna ha ein open og god prosess.
– Det grøne skiftet treng fornybar straum. I staden for urørt natur kan vi her bruka «ferdig øydelagt natur», altså natur som alt er tatt i bruk til industri, seier Vaage.
TIDLEG I PROSESSEN: Dette er dei første skissene av korleis dei fem turbinane kan plasserast på området.
Illustrasjon: Asset Byout PartnerVind på land er omstridd
I eit normalår blir det no produsert rundt 155 terawattimar (TWh) elektrisk kraft i Noreg. Energikommisjonen konkluderte i februar med at landet har behov for minst 40 TWh meir kraft innan 2030. Dei peikar på vindkraft som ein av vegane til målet.
Men fleire vindprosjekt på land har vore svært omstridde, blant anna på Fosen i Trøndelag og Bremanger i Vestland.
Vindturbinar er omstridde blant anna fordi dei lagar støy, dei er synlege, det blir inngrep i urørt natur, og det kan bli konfliktar med reindrift.
Det finst så langt ikkje konkrete bilde av korleis turbinane skal sjå ut. Dei skal kunna levera 30 megawatt til saman.
Foto: Hans-Olav LandsverkPositive lokalpolitikarar
– Eg trur vi kan samla oss om dette, seier ordførar Per Lerøy (Ap) i Austrheim kommune.
Han understrekar at dei ikkje har drøfta det i partiet enno, men han er i utgangspunktet positiv, blant anna fordi det ikkje er planlagt meir enn fem turbinar.
– Mangel på kraft er eit kjempeproblem, slår Lerøy fast.
NRK forklarer
Hvorfor er det så mye bråk om vindkraft?
Norge trenger mer fornybar energi i fremtiden. Vindkraft kan bidra til det. Men det tar plass.
29.000 km2 av landet er egnet, har norske myndigheter hevdet. Det er et område på størrelse med Belgia.
Vindturbinene kan strekke seg mer enn 200 meter oppover og lager en svisjende lyd.
De kan ta livet av planter og dyr og endre friluftslivet. Mange mener de er stygge.
Men de kan også redusere landets klimautslipp, gi inntekter og arbeidsplasser.
Nå skal mange anlegg snart stå ferdige. Når vindturbinene reises og blir synlige, vekker det reaksjoner.
Det har ført til økt motstand og en nasjonal aksjonsgruppe. De vil ha et oppgjør i retten.
Ordførar Sara Sekkingstad (Sp) i nabokommunen Alver seier formannskapet har fått ei orientering om planane.
– Slik eg tolkar formannskapet er vi interesserte i å få vita meir om prosjektet. Eg har ikkje registrert nokon som er tydeleg negative. Det er ei moglegheit for å få meir kraft. Men det kjem sjølvsagt an på plassering og høgde på turbinane, seier Alver-ordføraren.
Ho legg til politikarane i kommune er krystallklare motstandarar når det gjeld vindkraft på fjellet, men at Mongstad kan vurderast fordi det er eit industriområde.
NRK har spurt alle partia i dei to kommunane kva dei meiner om vindturbinar på Mongstad, og svara ligg inne i valomaten for kvar kommune.
Dei fleste store partia har svart at dei er «litt einig» eller «heilt einig». Det er stort sett små parti som har svart «heilt ueinig».
MDG støttar utbygging
Sjølv Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som er sterk motstandar av store vindprosjekt på fjellet, til dømes i Årdal, stiller seg bak prosjektet på Mongstad.
Dei har svart «heilt einig» i valomaten for Alver.
– Vi opnar for noko vindkraft på land, til dømes på eit industriområde som Mongstad, seier førstekandidaten til Vestland MDG, Nils-Anders Nøttseter.
Partiet nasjonalt seier på nettsidene sine at dei støttar vindkraft på industriområde.
– Alle område må vurderast spesifikt, men her er det eit spennande potensial, skriv partiet.
Mongstad nord for Bergen er blant anna kjend for eit stort oljeraffineri som ligg på industriområdet.
Foto: Marit Hommedal / NTBNaturvernforbundet seier nei
Men sjølv om mange er positive, er blant anna Naturvernforbundet Nordhordland mot vindkraftutbygging på Mongstad.
– I lokallaget vårt har vi nedfelt i arbeidsprogrammet at vi er i mot all industriell vindkraft på land, sa lokallagsleiar Jan Nordø til avisa Nordhordland tidlegare i år.
Han trekkjer mellom anna fram at utbygginga vil kunna få følgjer for naboar og bruken av området rundt, både støy og at turbinane blir synlege.
Nordø bekreftar til NRK at dei står på det same standpunktet i dag.
Naboar: – Opptatt av støyforholda
Fonnes bygdelag som representerer mange av dei som bur i nærleiken av Mongstad, skriv i ein uttale til NRK at dei er opptatt av støyforholda.
Dei understrekar at ei eventuell etablering må skje på lang avstand frå område som allereie har hus, og ikkje koma i konflikt med nye bustadområde som er under planlegging.
– Ei eventuell etablering av vindturbinar i Mongstad-området må ikkje svekka levekåra i nærliggande bustadområde, skriv leiar i bygdelaget, Øystein Austrheim.
NVE opplyser til NRK at dei ikkje kjenner til andre vindkraftanlegg her i landet som kan samanliknast direkte med det som er som er skissert på Mongstad.