Hopp til innhold

Ingen kraft-smekk frå veljarane

Ordførarar som endra syn på vindkraft vart ikkje straffa i valet. I staden er det teikn til at dei vart premierte.

Ordførarane i Ap-bastionane Årdal og Høyanger har i løpet av det siste året snudd på hælen og endra syn på vindkraft.

I begge tilfelle oppmoda av at hjørnesteinsbedrifta har presentert det som eksistensielt avgjerande at dei får tilgang på meir og rimeleg kraft.

Snuoperasjonar er tradisjonelt sett ein risikosport i politikken, og forbunde med opportunisme og ettergiving.

Men snuoperasjonar kan også vere eit teikn på mot, endringsvilje og fleksibilitet.

Til sjuande og sist er det veljarane som bestemmer.

Og valresultatet i dei to kommunane peikar mot det siste alternativet:

Etter ein treg valkamp-start med «ising i rubben», viser resultatet at ordførarane som gjekk frå nei til ja blir premierte.

ordfører Petter Sortland (Ap) i Høyanger

Snuoperasjonar er politisk risikosport. – Eg var budd på å gå ned enno meir, så alt i alt er eg rimeleg nøgd, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Foto: Hallgeir Vågenes / VG

Ap har tent på at innbyggjarane har vorte meir opplyste

I løpet av valkampen har stadig fleire forstått at vidare industriutvikling faktisk er avhengig av meir kraft, og at vi ikkje kan ta sjansen på å avvise invitasjonen til Hydro, seier Hroar Holm Carlsen i Høyanger Høgre.

Han legg til:

Eg trur særleg Ap har tent på det at innbyggjarane har vorte meir opplyste gjennom valkampen.

Biletet er likevel samansett, og veljarar som har vorte meir mottakelege for «meir kraft-diagnosen» har eit motstykke i det som blir karakterisert som «eit brakval» for INP.

Det nye industripartiet, som har profilert seg på eit kategorisk nei til vindkraft, fekk 11,5 prosent oppslutnad i Høyanger.

På landsbasis har Ap og Senterpartiet fått smake det. Energipolitikken deira er ikkje ønskt, seier Eivind Salen, som er tilknytt Motvind.

Fire år etter at vindkraft-satsinga vert satt på pause, har spørsmålet dukka opp att fleire stader.

Godt hjelpt av at kommunane har fått «vetorett» og meir dei skulle sagt.

Kommunar der kraftspørsmålet har prega valkampen er Kvænangen, Drangedal, Rana, Sirdal, Lebesby, Gamvik, Modalen, Kinn, Sunnfjord, Frøya, Herøy, Bremanger, Skien (datasenter) og ikkje minst: Indre Fosen.

Strid vindkraft Fosen

Symbolsk nok fell saman valdagen med at det er nøyaktig 700 dagar sidan høgsterettsdommen som sa at to vindkraftanlegg på Fosen har ugyldig konsesjon.

– Eg trur Melkøya er ei god sak for oss

I Årdal går «snuoperasjonen» til ordførar Hilmar Høl saman med at oppslutninga om Arbeidarpartiet stig med nesten 19 prosentpoeng – til 72,1 prosent.

Her høyrer det med at Høgre var det einaste andre partiet som stilte med liste i kommunen.

– Eg trur Melkøya er ei god sak for oss, uttalte næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) før valet.

Lokallaget i Karasjok kvitterte på same tid med å erklære sin eigen leiar, Trygve Slagsvold Vedum for «uønskt» og «persona non grata».

Og i ei meiningsmåling sa berre 15 prosent av folket i Nord-Noreg at elektrifiseringa av Melkøya var ein god ide

Hadde næringsministeren forrekna seg?

Om resultata frå Lebesby gir ein peikepinn, så kan optimismen vere rettmessig.

Resultatet viser at Ap stormar fram og sikrar reint fleirtal (55,4 prosent) i kommunestyret.

Senterpartiet, som profilerte seg på motstand mot vindkraft, blir halvert.

Vi trur at lokalpolitikarar som er ærlege vert påskjønna

– Det er interessant at Ap gjer det så sterkt i Lebesby. Det er viktig for kraft, klima og industri i Finnmark, seier Sigrun Aasland, leiar i Zero.

Åslaug Haga er leiar i Fornybar Norge:

– Vi trur at folk skjønner samanhengen mellom fornybar energi og velstandsutvikling i kommunen sin, seier ho.

Ho legg til:

Vi trur at lokalpolitikarar som er ærlege om kva det grøne skiftet inneber av utfordringar og moglegheiter vert påskjønna for det.

Resultatet i Hammerfest – vertskommunen til Melkøya – fortel ei anna historie. Her er Arbeiderpartiet halvert.

I ei bønn før valet skreiv konsernsjefen i Hydro at «kommunestyra som blir valde i haust held framtida til norsk industri i hendene sine».

Vidare appellerte ho til at dei nye kommunepolitikarane «må ta eit nasjonalt ansvar» og leggje til rette for meir kraftutbygging.

Lokalsamfunn og kraftkrevjande industri er gjensidig avhengige av kvarandre, seier Halvor Moland i Hydro.

Melkøya hammerfest

– På landsbasis har Ap og Senterpartiet fått smake det. Energipolitikken deira er ikkje ønskt, seier Eivind Salen i Motvind.

Foto: Allan Klo