Hopp til innhold

Ho og Høgre mistar forspranget: Går mot «samarbeid-kaos» i Bergen

Det såg ut til å gå mot maktskifte i Noregs nest største by. No kan det bli dødt løp mellom raudt og blått, viser ny NRK-måling.

Christine Meyer

VIL BLI BYRÅDSLEIAR: Christine Meyer er Høgre og derfor borgarleg side sin byrådskandidat. – Me var førebudd på ein tilbakegang, seier ho om den ferske meiningsmålinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ein har nesten tatt for gitt at Høgre skulle vinna tilbake Bergen, men no, heilt i sluttspurten, er det slett ikkje sikkert at dei klarer det, seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

I åtte år har Arbeidarpartiet sete ved makta i Noregs nest største by.

Men i mai viste NRK si meiningsmåling sterke teikn til endring.

Høgresida tok leiinga og 34 prosent av dei spurte ville stemma Høgre ved lokalvalet i Bergen i september. Byrådsleiarkandidat Christine Meyer jubla.

No, ei veke før valet, viser ei ny meiningsmåling frå NRK at høgresida har mista forspranget.

Sjå kven bergensarane ynskjer som byrådsleiar nedst i saka.

Partibarometer Bergen september

Hva vil velgerne stemme i kommunevalget? Sammenlignet med NRKs måling i mai.

PartiOppslutningEndring
28,0%
−6,1
17,3%
+1,1
11,9%
+0,5
7,8%
+0,9
7,5%
+0,1
6,9%
+1,9
6,0%
−1,2
3,1%
−0,4
2,6%
+1,6
2,5%
−0,3
1,6%
−1,4
1,5%
+1,0
1,0%
+1,0
2,1%
+1,1
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 605 intervjuer gjort i perioden 28.8.23–31.8.23. Feilmarginer fra 1,2–4,5 pp. Kilde: Norstat

Høgre tilbake, venstresida fram

Meiningsmålinga er utført av Norstat for NRK og viser at færre vil stemma på Høgre, samanlikna med målingane frå i mai.

Fleire seier dei vil gi stemma si til blant anna Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og MDG.

Det betyr at venstresida kan sikra seg byrådsmakta og Arbeidarpartiet kan sikra seg fire nye år med ein raudkledd som byrådsleiar.

– Det er kjekt med målingar som går rett veg. Men det blir ein thriller. Me er klare for å behalde makta, seier byrådsleiar Rune Bakervik frå Arbeidarpartiet om dei ferske tala.

Og kampen om byrådet står sterkt i Bergen. Byrådsleiaren blir, enkelt forklart, som ein statsminister i byen dei styrer.

Rune Bakervik

Rune Bakervik er byrådsleiar i Bergen for Arbeidarpartiet. Han ynskjer seg gjerne fire nye år i byrådet og er nøgd med meiningsmålinga frå NRK.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Støttepartia framleis sterke

I bystyret er det 67 plassar, såkalla mandat. Eit parti må ha minst 34 mandat for å sikra seg eit fleirtal bak byrådet. Det er det veldig sjeldan at eit parti får til på eiga hand.

Mandatfordeling Bergen bystyre

Septembermålingen sammenlignet med fordeling etter valget i 2019.

PartiAntall mandater Endring
Høyre19+5
Arbeiderpartiet12−1
Sosialistisk Venstreparti8+2
Fremskrittspartiet5+2
Venstre5+2
Miljøpartiet De Grønne5−2
Rødt4+1
Kristelig Folkeparti20
Senterpartiet2−2
Industri- og næringspartiet2+2
Bergenslisten1+1
Pensjonistpartiet10
Folkets parti1−10
605 intervjuer gjort i perioden 28.8.23–31.8.23. Feilmarginer fra 1,2–4,5 pp. Kilde: Norstat

Dei to største partia, Høgre og Arbeidarpartiet, må difor samarbeida med dei mindre partia for å få fleirtal.

I NRK-målinga frå mai fekk Høgre over dobbelt så mange mandat som Arbeidarpartiet, med 23 mot 11, og vegen mot eit borgarleg samarbeid var tilsynelatande kort.

No ser samarbeidet ut til å bli langt vanskelegare, og Høgre må fri til fleire småparti, som Industri- og næringspartiet, om dei skal få til eit fleirtal.

Christine Meyer

Christine Meyer jobbar for fullt med å få fleire til stemmeurnene.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me ynskjer framleis eit samarbeid med KrF, Frp og Venstre. No må me jobba hardt for å få veljarane til stemmeurnene og stemma Høgre, seier byrådsleiarkandidat, Christine Meyer.

Slår meiningsmålinga til kan Arbeidarpartiet sikra seg 34 mandat og fleirtal med parti dei tidlegare har samarbeida med: Venstre, MDG, SV og Raudt.

Fellesnemnaren i begge samarbeida: Venstre. Og leiar Per-Arne Hvidsten Larsen vil ikkje utelukka samarbeid med nokre av dei politiske partia.

– Det er politikken som blir avgjerande for kva parti me eventuelt skal samarbeida med. Me er opptatt av å få gjennom våre politiske saker, seier han.

Per-Arne Hvidsten Larsen i bergen bystyre april 2019

Per-Arne Hvidsten Larsen frå Venstre er byråd for finans, næring og eigedom i Bergen i dag. Partiet hans gjekk fram nesten to prosentpoeng frå førre meiningsmåling.

Foto: Simon S. Brandseth / SIMON S. BRANDSETH / NRK

Kaoset rår?

Politisk kommentator Tone Sofie Aglen i NRK seier meiningsmålingane viser teikn på fire nye år med politisk kaos i Bergen.

– Det er veldig vanskeleg å sjå nokre openberre samarbeid som får klare fleirtal. Det gjeld både på borgarleg side og venstresida.

Tone Sofie Aglen

Den politiske leiinga av Bergen har vore prega av mykje uro dei siste åra. Først gjekk byrådet av som følge av bybanestriden, men fekk etablert eit nytt byråd kort tid etter.

Så trakk KrF seg frå byrådet og samarbeidet med Arbeidarpartiet.

Byrådet vart igjen brote opp då dåverande byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) gjekk av på grunn av eit mistillitsforslag. Det nye byrådet vart etablert utan dei tidlegare samarbeidspartnarane MDG, til leiar Thor Haakon Bakke sin misnøye.

Om NRK si nyaste meiningsmåling slår til spår Aglen nye år med uro i Bergen.

– Det er fleire parti i midten som er uføreseielege, og den som skal styra Bergen dei neste fire åra må nok klare å drikka kaffi og samarbeida med parti dei ikkje liker, eller som ikkje liker kvarandre, seier Aglen.

Rune Bakervik

Byrådsleiarkandidat for Arbeidarpartiet Rune Bakervik seier dei må gjere meir for å nå dei yngre veljarane.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Daudt løp mellom Meyer og Bakervik

På spørsmålet om kven veljarane i Bergen helst ville hatt som byrådsleiar, uavhengig av kva for eit parti dei stemmer på, er folket delt.

4 av 10 ynskjer Rune Bakervik frå Arbeidarpartiet. Like mange kunne tenka seg Christine Meyer frå Høgre.

– Dette er veldig gode nyheiter for meg. Tidlegare har Christine leia dette, så at fleire ynskjer meg er veldig gledeleg, seier Bakervik.

Likevel seier 2 av 10 at dei ikkje veit kven dei ynskjer som byrådsleiar. Talet er enno høgare for dei under 30 år.

– Det viser at me må gjera ein enno betre jobb med å nå dei unge, seier Bakervik.