- Vi satsar stort på at vi skal få Gunvald Ludvigsen på tinget, og då må vi gjere ein innsats for å få det til.
Slik svarar Venstre-leiar i Sogn og Fjordane, Rolf Nesheim på kva som driv partiet til å setje av heile 360.000 kroner til valkampen no i haust. Ikkje sidan 1969 har Venstre her i fylket fått ein kandidat inn på tinget, men det er ikkje desperasjon som er bakgrunnen for det saftige budsjettet.
Nesten sikker stortingsplass
- I år har vi faktisk større sjanse enn vi har hatt på lang, lang tid. For med den nye valordninga er det nesten sikkert at Gunvald kjem på tinget på utjamningsmandat dersom Venstre kjem over sperregrensa på 4 %, hevdar Nesheim.
Summane partia kan breie om seg med i vekene fram mot valet, er delvis eit resultat av korleis dei gjorde det sist. Fylkespartia får støtte frå staten ut frå kor mange representantar partiet fekk inn på fylkestinget, og ut frå talet på røyster. Fylkeskommunen bidreg med den same summen.
280.000 mindre til SV
Men resten må partia finne tak i sjølve. Og spriket mellom dei ulike budsjetta er stort. Sosialistisk Venstreparti på botnen har 280.000 kroner mindre enn Venstre.
Sosialistisk Venstreparti skal bruke minst, berre 80.000 kroner Det opplyser fylkessekretær i SV, Hilde Kvamsås Aa.
- Det er ikkje allverda, men vi får tru at det er kvaliteten og ikkje kvantiteten det kjem an på, seier Kvamsås Aa.
Men ho er forbausa og imponert over summane dei andre partia har til rådvelde.
- For er slike summar eit heilt årsbudsjett. Men det er hyggeleg - for dei, seier Kvamsås Aa.
1,5 millionar til saman
Til saman brukar partia her i fylket nesten 1,5 millionar kroner på årets valkamp. Senterpartiet er nr to etter Venstre med 330.000 kroner. Ap har 250.000 og Høgre har 200.000 kroner. I den meir moderate kategorien kjem Frp med 150.000 og KrF med 100.000 kroner.
Ingen oppgir gåver og sponsing som ei inntektskjelde. Hovuddelen av Venstre sitt budsjett går til å sende kandidatane ut til folket.