Hopp til innhold

Vaktsjefassistent under opplæring såg verken skip eller lys

Mannen som var under opplæring som vaktsjefassistent på brua på KNM «Helge Ingstad» hadde ein kort vitneforklaring i retten onsdag. Han var 19 år då kollisjon skjedde og hadde vore knappe 14 dagar om bord.

Etter planen skulle han vera ferdig klarert som vaktsjefassistent etter at vakta hans var ferdig ulukkesnatta. Han sto ved sida av vaktsjefassistenten og «lærte av ho», medan ho sat i stolen framfor sin radarskjerm.

Til retten fortalde den no 23 år gamle mannen at han verken såg eit skip eller noko særleg med lys før «30 sekund» før kollisjonen. Då var det uansett for seint.

– Eg såg eigentleg ingenting, forklarte vitnet til retten.

Den tiltalte vaktsjefen sin forsvarar, Christian Lundin, las opp eit politiavhøyr av mannen som vart gjort same dag som ulukka. Der fortalde vitnet at han «observerte ingen feil som blei gjort på brua».

Broen på Helge Ingstad
Foto: Havarikommisjonen