Hopp til innhold

Her skaper vaksne gutar sin eigen SFO

Rundkøyringar, tunnelar, bruer, tomter, ein innsjø med åtte gullfiskar, meter på meter med vegar og dungevis med sand. I eit toetasjes bygg på Raudeberg har vaksne menn laga si eiga gedigne sandkasse – eller SFO som dei kallar det.

Vaksne menn boltrar seg i sandkassen

BYGGJER: Utrusta med fjernkontroll, byggjer vaksne menn i Vågsøy stort med små anleggsmaskiner.

Foto: Privat

Kvar onsdag i veka, og siste laurdag månaden, er Vågsøy RC Lastebil sine faste køyrekveldar.

Dei har ei 700 kvadratmeter stor sandkasse der timane går fort med ein fjernkontroll og ein doning som lystrar velvillig.

Mobilkran

TRUCKSTOP: Medlemene har eit variert spekter av køyretøy.

Foto: Privat

– Det går timevis med å flytte dungar med grus. Vi har dam med foss, vegar, tomter, bruer og det meste ein kan byggje med lastebilar og anleggsmaskiner, John-Martin Vederhus (28).

– Skal vi fylle ei tomt eller område med tomt så skal alt køyrast med bilar og planerast med maskiner, legg han til.

Avansert legobygging

Vi snakkar sjølvsagt fjernstyrte bilar, og meir avanserte og utfordrande enn Lynet McQueen-bilen poden fekk til jul i fjor.

Og her snakkar vi lidenskap heile vegen. Frå byggesettet er kome i hus, til køyretøyet står ferdig til bruk – og til det igjen blir utvikla til gjerne å omfatte fleire køyretøy per fjernkontroll. Så er det sjølvsagt det å ta doningane i bruk.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Alder er ingen hindring - iallfall ikke for noen voksne karer med kjøretøydilla i Vågsøy. Ved hjelp av dumperser, semitrailere og gravemaskiner skal de bygge sin egen landsby.

SJÅ TV-SAK: Store gutar boltrar seg i si eiga sandkasse med små – fjernstyrte – lastebilar. NRK vitja for tre år sidan Vågsøy RC Lastebil i deira gamle lokale.

– Du kan kalle det avansert legobygging. Alle har vel likt å byggje lego og å drive med teknikk ein gang i tida. Alle likar radiostyrte ting, humrar Vederhus og vedgår at dei kring 20 medlemene i klubben har teke den litt lenger.

– Blir aldri ferdig

Tungbergar

TUNGBERGAR: Slåande likskap mellom denne og ein ekte tungbergar.

Foto: Privat

– Sjølv om du har bygd ein bil, så er det alltid noko ein kan forbetre på. Prosjekta blir aldri ferdige. Du byggjer gjerne ein standard bil og byggjer tippkasse og tippsystem så du kan frakte rundt på grus. Kanskje du startar på nytt med gravemaskin, hjullastar eller ein brannbil med vasstank, pumpe og blålys, seier Vederhus og konkluderer:

– Det er jo rett og slett moro.

Fjellveg langs veggen

John-Martin Vederhus

ENGASJERT: John-Martin Vederhus er tilbake i RC-miljøet etter nokre års pause.

Foto: Privat

Klubben måtte ut frå sine gamle lokale, men stod ved påsketider i fjor klare med sine nye. Det som då var bygt opp, mellom anna 50–60 meter vegar, vart demontert i seksjonar og flytta.

– Til og med dei to gullfiskane vart med på lasset, og har no fått selskap av seks nye, humrar Vederhus.

Dei nye lokalitetane er på to etasjar. Til no har dei konsentrert seg om veganlegg i første etasje. Omsider skal dei også lage sin eigen «fjellveg» langs veggen til etasjen over.

– Her skal vi utnytte området maksimalt og vi har laga til stort sett det som kan gjerast i førsteetasje. Vi har også teke omsyn til skrubenk, sofa og at vi skal kunne gå, seier Vederhus og legg til at dei no legg «anleggsarbeidet» på is for ei lita stund.

– Først må vi gjere litt vedlikehald på bygget. Det blir dugnad. Vi skal mellom anna tilby overnatting til tilreisande frå mellom anna Trondheim, Oslo og Bergen som kjem. Dei som er mest gira på dette, reiser på treff kring om i landet på større treff.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kraning av hus

KRANSING: Øyvind Våge løftar hus med krane.

Foto: Privat

Veksande miljø

Vågsøy RC Lastebil

GJER ALT: Alt som kan gjerast med maskiner, skal gjerast med maskiner på «anleggsområdet».

Hobbyen er stor i Tyskland og Danmark. Og i Norge er miljøet veksande, slik som klubben i Vågsøy. Motorsportforbundet har i dag registrert 38 klubbar som driv med radiostyrte bilar som konkurranse. I tillegg er det langt fleire, som klubben i Vågsøy, som ikkje er registrerte.

Vågsøy RC Lastebil tel i dag kring 20 betalande medlemer i alderen 10 til kring 40 år.

Mange byggjer bilane frå grunnen av, og stiller gladeleg med ei hjelpande hand om nokon skulle trenge det.

– Vi skrur og mekkar på eigne bilar når vi har tid, så vi får køyre så mykje som mogeleg når vi samlast, seier Vederhus.

Dyr hobby

Men hobbyen er dyr. Den nemnde Lynet McQueen-bilen får ein til under tusenlappen. Spiderman eitt par hundrelappar rimelegare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tungbergar i sving

TUNGBERGAR: Sjølv på vegnettet i klubbhuset til Vågsøy RC Lastebil skjer det trafikkuhell.

Foto: Privat

– Det kjem jo an på kor mykje ein vil leggje i det. Vi plar seie til dei som vurderer dette, at dei må rekne kring 8.000 for ein standard bil, seier Vederhus og legg til:

– Komplett byggjesettet kjem på 2.500-3.400 kroner. Så må ein ha elektronikk, og der har ein ulike modular. Du må ha fjernkontroll, også der ulike moglegheiter. Du kan mellom anna ha ein felles fjernkontroll for fleire køyretøy. Dei kostar 5.000 – 10.000 kroner.

Tilbake i «gamet»

Vederhus er nyleg byrja med hobbyen att etter eit par års pause. Bilane han då selde, er no erstatta med nye.

– Kva utstyr har du?

– No har eg laga krok og kranbil som er hydraulisk. Det kostar ein del. Men så har du også folk som køyrer gravemaskin, hjullastar og dumparar. Komplette kan dei koste 40.000-50.000 kroner.

– Og du har lagt ut?

– Til det seier eg ingen kommentar. Men det er nokre tusen, men så er eg ikkje heilt ferdig heller. Eg har hatt litt problem med fjernstyringa og må oppgradere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Unge medlemer leikar seg i sandkassa.

SANDKASSE: Både unge og vaksne menn stortrivast i «sandkassen».

Foto: Privat

– SFO for vaksne

Vågsøy RC Lastebil

HOBBY: Mange av entusiastane byggjer sine eigne bilar.

Foto: Privat

Sjølv om hobbyen kan gjere store innhogg i lommeboka, meiner medlemene i Vågsøy RC Lastebil at det er verdt kvar ei krone.

Sjølv skildrar dei «klubbhuset» som ei gigantisk sandkasse – eller som eit SFO for vaksne.

– Det er jo veldig sosialt, og du treng ikkje vere 20–25 år for å drive med det, seier Vederhus og avsluttar:

– Vi har også eit par unge i 10-12-årsalderen som er innom og foreldra stiller på dugnad og er med på treff for at ungen deira skal ha ein hobby dei tykkjer er moro. Du finn ikkje mange 10-12-åringar som skrur på slike bilar. Dei fleste spelar vel PlayStation, men det er vel betre å vere kreativ og finne løysingar.