Hopp til innhold

Eva (105) fekk første stikk: – Eg sa ja med ein gong

Med eit lite nålestikk er sjukeheimsbebuarar landet over vonleg på veg tilbake til ein meir normal kvardag.

STAVANGER: Eva Wendt Ryen (105) sa ja til vaksinen med det same, og fekk første stikk i Stavanger. Kommunen har fått 385 vaksinedosar første veka.

– Eg sa ja med ein gong, eg har ikkje vore redd. Det er kjekt å få oppleve det, og få vere så klar at eg kan kose meg med barn og oldebarn.

Det seier Eva Wendt Ryen (105), som fekk første stikk i Stavanger tysdag. Eva mista sjølv mora i spanskesjuka då ho berre var eitt år gammal.

Ho bur no på Tasta sykehjem, etter å ha budd for seg sjølv til ho var 102 år, og er fornøgd med å få vaksinen tidleg.

12. januar blir ho 106 år.

– Det er ei stor, stor glede å endeleg vere i gang med vaksineringa av dei som er aller mest risikoutsett, seier direktør for helse og omsorg Eli Karin Fosse.

Var ikkje nervøs

Den første vaksineleveransen til Noreg var på knappe 10.000 vaksinar, seinare i romjula kom 35.000 nye dosar.

Men per 3. januar var berre kring 2200 personar vaksinerte i Noreg. I Danmark var 40.000 personar vaksinerte på same tid.

Men tysdag var fleire kommunar i gang med den etterlengta vaksineringa.

Kl. 13 blei den første koronavaksinen sett ved Søreide sjukeheim i Bergen.

Alvhild Kvalvåg var ikkje nervøs for å vere først ut.

– Eg kjenner ingenting. Eg kvidde meg ikkje heller, seier Kvalvåg.

Alvhild Kvalvåg, første beboeren i Bergen som får koronavaksinen

FØRST I BERGEN: – Eg kjenner ingenting, sa Alvhild Kvalvåg etter å ha fått koronavaksinen.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

– Historisk

– Vi reknar med at alle på sjukeheimar er ferdig vaksinerte i midten av februar, seier overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet.

Dette inneber at dei vaksinerte har fått to dosar med mellomrom på tre veker. Aavitsland seier det er vanskeleg å lage ein sikker tidsplan for vaksineringa fordi vaksineleveransane er så usikre.

Bergen kommune har fått ei levering på 845 dosar, noko som ifølgje helsebyråden svarar til meir enn ein av tre som bor på langtidssjukeheimane

– Det er ein historisk dag, og vi er veldig glade. Det er utruleg kjekt at vi kjem i gang med vaksinering og at vi byrjar med dei aller mest sårbare, seier helsebyråd Beate Husa (KrF) til NRK tysdag.

Nokre timar tidlegare fekk Reidar Garfors (80) den første vaksinen i Sunnfjord kommune.

– Det var ikkje noko spesielt, eg kjende ingenting, seier Garfors.

I Alver kommune vart Svein Bøe (79) den aller første i som fekk vaksinen i Vestland fylke, skriv BT.

Først i Agder

Tysdag morgon blei Lillian Litland (87) den aller første vaksinen til å ta vaksinen i Agder ved Lyngdal helsehus. Ho hadde meldt seg frivillig til å vere den første til å ta sprøyta.

– Vaksinen var som eit flugebit, seier Litland, som var glad for å vere først i køen.

Lillian Litland i Lyngdal får koronavaksinen av sykepleierne Susanne Vatne og Kirsten Fredriksen.

FØRSTE I AGDER: Lillian Litland i Lyngdal får koronavaksinen av sjukepleiarane Susanne Vatne og Kirsten Fredriksen. L

Foto: Ronny Bjørnevåg

Lyngdal kommune har så langt fått 30 vaksinedosar. Alle skal setjast tysdag, seier kommunalsjef i Lyngdal Ronny Bjørnevåg.

– Vi har lenge sett fram til denne dagen. Vi håper og trur at dette kan vere et vendepunkt i kampen mot korona, seier Bjørnevåg.

I Lyngdal har dei erfart kva koronaviruset kan føre til. I november var det eit større smitteutbrot der.

I Naustdal har 14 sjukeheimsbebuarar takka ja til å ta vaksinen.

– Vi har prøvd å informere så godt som mogleg. Både bebuarar og tilsette er nok spente i dag, men også glade for å komme i gang, seier einingsleiar Renate Kvalstad.

Først i Ålesund

I Møre og Romsdal blei det også starta vaksinering tysdag. Aslaug Bjørnsund Hollingsæter (90) var den første i Ålesund kommune som fekk vaksinen. Det skjedde på Åse helsehus.

90-åringen var aldri i tvil om ho skulle ta vaksinen. Sjølve stikket var ingenting, seier ho til NRK.

– Det var fantastisk at eg fekk denne vaksinen. Det er tryggande, og viss hjelper så er det det same som at vi beskyttar kvarandre, seier Bjørnsund Hollingsæter.

Aslaug Bjørnsund Hollingsæter får første covid-19 vaksine i Ålesund kommune.

ÅLESUND: Her får Aslaug Bjørnsund Hollingsæter første stikk i Ålesund kommune.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Arild Jahrn, 74 år, var den første som fekk koronavaksine i Trondheim.

Han bur ved Persaunet Helse- og velferdssenter.

– Eg synest det ser lovande ut. Viss alle har treft like bra, så blir det eit bra resultat dette, seier Jahrn.

Han føler seg likevel ikkje heilt trygg. Jahrn meiner koronaen er tøffare å få enn den vanlege sesonginfluensaen.

Fleire kommunar i Trøndelag starta tysdag vaksineringa og i løpet av veka er vaksineringa i gang i heile fylket.

Helsepersonell får vaksine neste veke

Neste veke får Bergen kommune 755 dosar, der inntil 20 prosent skal gå til prioritert helsepersonell.

– Går det fort nok?

– Eg er vel ikkje den einaste som er utolmodig. Men det skal ikkje stå på oss, vi skal kunne vaksinere så raskt som vi får dosar, seier Beate Husa.

Merka ingenting

I Nordland fekk alle kommunane første vaksineleveranse tysdag. Den første vaksinen blei sett same dag.

Tysdag fekk 32 kommunar i Troms og Finnmark delt ut vaksinar frå Helse nord.

Først ut på Senja var Judith Sollied på Stonglandet sykehjem. Ho fylte 98 år 12. mars i fjor, då Noreg stengde ned på grunn av koronaen. Tysdag ettermiddag blei ho historisk, som kommunens første koronavaksinerte.

Så langt har Senja kommune fått 60 vaksinar. I neste veke får dei 40 til. I kommunen er det 187 sjukeheimsbebuarar.

Sjølv syntest Sollied det var heilt naturleg å seie ja til vaksine. Ho fortel at ho har vore engsteleg for å få korona.

Vaksine

SENJA: Judith Sollied bur på Stonglandet sykehjem. Ho var den første i Senja kommune som fekk vaksinen.

Foto: Sveinung Åsali / NRK

Og sjølve stikket, det gjekk så fint som berre det.

– Eg merka ingenting, seier ho.

Koronavaksine

I GANG: Dei første koronavaksinane er sette fleire stader i landet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK