Vaksinen kjem truleg for seint til å redde turiståret

Vaksinen skapar håp om ei lysare framtid, men delar av reiselivet trur sommarsesongen 2021 blir prega av koronaviruset.

Cruiseskip på veg ut frå Nordfjordeid

NORDFJORDEID: Eit cruiseskip på veg ut frå Nordfjordeid september 2019.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eit heilt normalt år får vi ikkje, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Etter eit beintøft år svingar håpet i takt med gode nyhende om koronavaksinar.

175.000 menneske her til lands er sysselsette i reiselivet, 70 prosent av inntektene kjem frå nordmenn.

Slik blir det neste år også, trur Krohn Devold, som er «ganske optimistisk».

– Folk har bursdagar, bryllaup og barnedåpar, alt dette står i kø. Det er eit oppsamla behov.

Loen Skylift

ATTRAKSJON: Loen Skylift i Stryn kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dempa stemning i cruiseindustrien

Heile fire av ti historiske hotell og serveringsbedrifter risikerer å gå konkurs grunna svikt i inntektene, skriv Dagens Næringsliv.

November og desember har vore blytungt for stadar som Losby Gods, Hotel Union Geiranger og Øye, Fleischer's Hotel i Voss, Gamle Logen, Statholdergaarden og Fløien Folkerestaurant, skriv avisa.

Hjå cruisenæringa som ventar på utlendingar er stemninga avventande.

Nordfjord Hamn skulle etter planen fått 140 cruiseskip til kai i Olden og Loen i 2021, men koronavaksinen kjem for seint til å berge fyrste del av sesongen.

Det betyr at viktige månadar går tapt.

– Vi håpar på ei tilnærma normalisering frå 1. juli. Det vil nok vere ein forsiktig start, seier assisterande hamnedirektør Sølve Oldeide.

Sølve Oldeide

HAR TRUA: Sølve Oldeide i Nordfjord hamn.

Foto: ELISE KVIEN / NRK

Også i turistmagneten Flåm i Sogn er stemninga spent.

– Vi satsar på oppstart i 2021, men med halvparten av dei planlagde anløpa, seier driftsleiar Jon Olav Stedje i Aurland hamn.

Arbeidsløysa i Aurland kommune vaks frå 0 til 27 prosent då pandemien braut ut.

– Det er veldig viktig for lokalsamfunnet å sjå at det finst moglegheiter i 2021, seier Stedje.

yZk3HsnlBUQ

FLÅM: Turistmagneten Flåm tar mot 1 million turistar i året.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

Veksten i cruisetrafikken var stor fram til koronapandemien stoppa næringa.

I Nordfjord trur Sølve Oldeide at veksten vil kome tilbake.

– Eg forventar at vi er tilbake i løpet av eit par år, og truleg får ei vidare auke.

Mange sit på ubrukte billettar

Carnival Cruises er verdas største cruisereiarlag, og skipa deira utgjer størstedelen av cruisetrafikken til Noreg.

Destinasjonsdirektør i Carnival Cruises, Sandra Diana Bratland, håpar å ta opp igjen drifta gradvis i 2021.

– Det er ein veldig stor del som har billettar til eit framtidig cruise, og som kan reise allereie i 2021. Vi reknar med at vi i 2022 er heilt tilbake til normalen, seier ho.

Folkehelseinstituttet håpar sommaren vil bli lysare

Folkehelseinstituttet seier epidemien må under betre kontroll før vi kan opne grensene for store mengder turistar.

– Det er for tidleg å seie korleis situasjonen vil vere i sommar, men vi håper at den kan bli litt lettare for oss alle med tanke på smitteverntiltak, seier avdelingsdirektør Line Vold.

Næringsminister Iselin Nybø seier folk framleis må ha is i magen.

– Vi veit éin ting om pandemien, og det er at ting er usikkert. Vaksinen er på veg, det gir oss både håp og tru om at ting kan sjå litt lysare ut når vi kjem ut i 2021.

I januar er det ei ny søknadsrunde for kriseråka reiselivsverksemder som til dømes har mista heile julebordsesongen.

– Pengane til desse kan kome på konto i januar, seier Nybø.

– Det viktigaste er gjenopning

Kristin Krohn Devold merkar at det er mykje meir håp i reiselivet no.

– Det gjeld å vaksinere mange nok til at folk tør å nytte alle tilboda. Så må bankar og stat vere tolmodige kreditorar slik at bedriftene kan kome seg over kneika, seier NHO-direktøren.

Kristin Krohn Devold NHO Reiseliv

OPTIMIST: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollermann / NHO Reiseliv

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.10.2021
2 674
Smittede siste 7 dager
95
Innlagte
884
Døde
4 190 626
Vaksinerte