Vaierane til gasstanken har truleg losna – kunne ha eksplodert då Bryggen var full av folk

Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap vil vurdere tilsyn etter at ein gasstank med propan losna under Zachariasbryggen i Bergen.

Gasstank på Torget i Bergen.

TANK: Dette er gasstanken som i verste fall kunne ført til ein eksplosjon i Bergen sentrum.

Foto: Cato H. Kristensen / NRK

Det kunne gått skikkeleg gale natt til søndag, då ein gasstank med propan sto i fare for å lekke på Torget i Bergen.

Heldigvis klarte brannvesenet å sikre tanken i tide.

– Det var 1,5 tonn med gass som vi var livredde for at plutseleg skulle blåse ut. Og det var det reell fare for. Det kunne gått skikkeleg gale, rett og slett, seier innsatsleiar i brannvesenet, Hans Petter Nilsen til NRK søndag kveld.

Hadde ventilen knekt av og all gassen blåst ut, var planen til brannvesenet å tenne på gassen og trekke seg raskt ut.

– For ei slik gassky gjennom Bergen sentrum ville det vore stort potensial for ei alvorleg hending. Så det var difor vi evakuerte alle med fasadar mot sjølve tanken.

Tanken supplerer restaurantane på Zachariasbryggen med gass til matlaging.

Brannvesenet brenner av gass på Zachariasbryggen etter å ha sikre gasstanken.

GASSBRENNING: Natt til måndag har gasstanken blitt avflamma ved å brenne propangassen i kontrollerte former.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Kunne eksplodert

Til vanleg held tre vaierar tanken på plass under bakken. Desse har truleg roke. Tanken ligg ikkje i sjøen, men sjøvatn kjem inn der tanken er plassert under kaia.

Bilete frå eit kamera under vatn viste at det var skader på ventilen.

Brannvesenet måtte opne opp bakken for å kome fram til tanken, som dei så måtte vri rundt slik at dei kom til ventilen og fekk stengt den.

Brannvesenet trur gasstanken losna natt til søndag, natta då Bergen feira gjenopninga av Noreg og tusenvis av menneske ferdast i området.

Så det kunne teknisk sett ha skjedd ein eksplosjon?

– Ja, det kunne det, stadfestar Nilsen.

Avflamming etter eksplosjonsfare Bergen

POLITISPERRINGAR: Området rundt Zacchariasbryggen i Bergen vart evakuert og sperra av i frykt for at gasstanken skulle byrje å lekke.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Siste tilsyn gjort eit halvanna år sidan

Innsatsleiar Hans Petter Nilsen fortel til NRK søndag kveld at det blir haldt tilsyn kvart femte år. Det siste tilsynet vart gjort for eit halvanna år sidan.

Brannvesenet er den primære tilsynsmyndigheita, og frekvensen av tilsyn er avhengig av risikovurderingar og ressursar.

Når uhell skjer, er verksemda pålagt å melde frå til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (Dsb).

– Vi ser veldig alvorleg på det som har skjedd, uavhengig av om lekkasjen antente eller ikkje. Vi vil følgje opp verksemda og sjå til at den følgjer krava, seier seksjonssjef i Dsb, Brit Skadberg.

Brit Skadberg, seksjonssjef kjemikaliesikkerhet i DSB

VURDERER TILSYN: Seksjonssjef i Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap, Brit Skadberg seier at dei vil vurdere å gå eigne tilsyn i etterkant av hendinga.

Foto: DSB

Ho kan fortelje at dei no ventar på ein utfyllande rapport om kva som har skjedd og årsaka til at gasstanken losna. Dei vil deretter vurdere å gå eigne tilsyn.

Om uhellet får vidare konsekvensar for verksemda, vil vere avhengig av årsaka til uhellet.

Huseigar og driftssjef i Birkebeiner Eiendom som driftar Zachariasbryggen, Thord Gjeitrem tok fyrst kontakt med leverandøren av gasstanken, som igjen varsla brannvesenet.

NRK har vore i kontakt med Gjeitrem måndag føremiddag. Han seier at dei jobbar på spreng for å finne ut kva som har skjedd, og kan difor førebels ikkje svare på fleire spørsmål.

– Vi har ei mellombels løysing på plass i form av ein mobil gasstank som vil forsyne restaurantane med gass, fortel han.