Hopp til innhold

Vågsøy har fått nytt friarbrev

Selje og Eid har utsett saka om kystvegtrasé. Årsaka er at dei vil ha Vågsøy inn i kommunen.

Kristin Maurstad

POPULÆR: Vågsøyordførar Kristin Maurstad har fått ny invitasjon frå Selje og Eid. – Vi fokuserer for fullt på Flora, er hennar svar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi vil gjere det klart overfor Vågsøy at vi vil sette og ned og snakke med dei. Og vi vil ikkje at ulikt syn på kvar kystvegen skal gå skal blokkere for at innbyggjarane våre får gode tenester, seier Alfred Bjørlo.

I januar bestemte Eid og Selje seg for å slå seg saman. Det trass i at dei to kommunane ikkje har felles grense. For i mellom der ligg delar av Vågsøy, som på si side er i innspurten av samanslåingsplanar med Flora.

Samstundes som desse drøftingane går for fullt, så skal alle kommunane også

Alfred Bjørlo

VELKOMNE: – Vågsøy er i ein krevjande situasjon, og vi har sagt at vi er opne for fleire kommunar og Vågsøy er velkomne inn, seier Eidordførar, Alfred Bjørlo.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

bestemme seg for kva råd dei vil kome med for Kystvegen. Vågsøy har meint at det er problematisk at Selje og Eid ikkje delar deira oppfatning av dette. For å kome Vågsøy i møte har Eid og Selje difor bestemt seg for å utsetje saka til slutten av mars. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte brevet.

– Vi vil bruke tida på å finne noko som også Vågsøy kan leve med og som vil vere samlande for regionen, seier Bjørlo om invitasjonen.

– Det blir ei spanande veke

Vågsøyordførar Kristin Maurstad syns det er kjekt at kommunen har fleire interessentar, men vil ikkje seie om det er eit freistande frieri.

– Vi har stussa over at dei har trasé for Kystvegen inne i avtalane. Det er positivt at dei vil sjå på vår meining om Kystvegen. Vi fokuserer fullt på Flora no, seier ho.

Fredag kom resultata frå innbyggjargranskinga i Vågsøy og Flora. Den synte at fleirtalet av dei spurte i Flora er positive, medan det var motsett utfall i Vågsøy. Brevet frå naboane kjem difor ikkje på eit tilfeldig tidspunkt, innrømmer Bjørlo.

– Vi vil gjere det vi kan for at det er reelle alternativ. Eg får spørsmål frå folk i Vågsøy som lurer på kvifor det er så vanskeleg for oss å samarbeide. Våre tre kommunar er ei naturleg eining som burde finne saman.

Måndag er det nye møter om vegen vidare på kysten og for Kinn kommune. Då skal også resultata frå folkerøystinga diskuterast og status gjerast opp.

– Vi har prøvd samanslåing i Nordfjord før utan å kome i mål. Det blir ei spanande veke, det er alt eg kan seie, avsluttar Maurstad.