Vågar ikkje «sladre» på naboen

Mange born i små kommunar får ikkje hjelp av barnevernet fordi folk vegrar seg for å slå alarm.

Karin og Lars Vårdal

FOSTERFORELDRE: Karin og Lars Vårdal forstår at mange tykkjer det er tøft å sende bekymringsmelding til barnevernet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er tøft å bekymringsmelde til barnevernet. Ein kjenner jo alle som bur i bygda, seier Karin Vårdal.

Ho fortel om erfaringane sine som fostermor. For 11 år sidan opna ho og ektemannen Lars Myklebust heimen sin i Gloppen kommune for to sysken på fire og fem år. Vårdal skjønnar godt at folk i små bygder har høg terskel for å melda naboen til barnevernet.

– Tenk om du tek feil. Då kastar du mistanke på foreldra som kanskje har gjort sitt beste, seier Vårdal.

Store kontor best

Jardar Jensen

POSITIVE TILBAKEMELDINGAR: Ordførar Jardar Jensen er nøgd etter samarbeidet om barnevernet,

Foto: Malvin Eriksen / NRK

136 kommunar i landet har gått saman om å drive såkalla interkommunale barnevern. Slike store samanslåtte barnevernskontor gir betre tilbod til borna på bygda, viser evalueringar og ein ringerunde NRK har gjort til kommunar med interkommunalt barnevern.

– Dei tilbakemeldingane eg har fått er udelt positive - både frå tilsette og foreldre, seier Jardar Jensen, ordførar i Evenes kommune i Nordland som gjekk saman med Skånland kommune i Troms om eit felles barnevern for to år sidan.

Går ut over borna

Interkommunale barnevernstenester får lettare tak i dyktige og spesialiserte fagfolk som vil bli verande. Men likevel er det over 130 småkommunar med færre enn 5000 innbyggjarar som driv barnevernet på eiga hand.

At kommunane ikkje går saman om barnevernstenestene, går ut over borna, seier forskar Bent Brandtzæg ved Telemarksforsking.

– Ein del av dei borna får truleg ikkje den hjelpa av barnevernet som dei har krav på.

Fleire har fått hjelp

Leikanger er ein kommune i Sogn og Fjordane med 2200 innbyggjarar. For vel to år sidan gjekk den vesle kommunen saman med naboane Sogndal og Luster om felles barnevern. Kontoret blei flytta til Sogndal, 25 minuttar unna. Resultatet var at langt fleire folk i Leikanger no torde å melda frå, fortel ordførar Olav Lunden.

– Vi må nok konstatere at fleire born har fått hjelp av barnevernet etter samanslåinga.

Tydeleg trend

Olav Lunden

OPPMODAR OM SAMANSLÅING: KS-leiar og Leikanger-ordførar Olav Lunden seier fleire bør samarbeide om barnevernstenester.

Foto: Leikanger kommune

Landsstatistikk frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet fortel den same historia: Dei siste ti åra har stadig fleire tort å slå alarm til barnevernet. Men auken i talet på bekymringsmeldingar spesielt sterk når småkommunar går saman om interkommunale barnevernstenester.

I Evenes og Skånland fekk dei årleg inn mellom 15 og 25 bekymringsmeldingar totalt før samanslåinga i 2009. Året etter samanslåinga var talet dobla.

I Lebesby i Finnmark blei talet på bekymringsmeldingar meir enn dobla etter at kommunen slo barnevernet saman med Gamvik. Auken var endå større i Berlevåg og Båtsfjord etter at dei skipa eit felles barnevern.

– Det seier seg sjølv: Det er vanskeleg å varsle når ein må møte naboen på barnevernskontoret og fortelje om interne problem. Då er det enklare å snakke med ein heilt utanforståande i nabokommunen, seier Evenes-ordførar Jardar Jensen.

– Slå dykk saman

Ordførar i Leikanger, Olav Lunden, er også leiar av kommunane sin interesseorganisasjon KS i Sogn og Fjordane. Han mislikar at mange småkommunar droppar barnevernssamarbeid med nabokommunen, sjølv om det truleg ville ha hjelpt mange fleire utsette born.

Lunden meiner fleire kommunar bør gjere som Leikanger, Evenes, Lebesby og Berlevåg.

– Små kommunane må samarbeide om barnevern. Barnevernssakene er tunge og vanskelege, og i ein liten kommune er det krevjande å setje av dei ressursane som skal til for å gi eit fagleg godt tilbod, seier Lunden.

Barneombodet: - Det hastar

Barneombod Reidar Hjermann er utålmodig og krev at det vert sett inn tiltak straks for å betre barnevernet i små kommunar.

- Vi må sjå på barnevernstenestene ganske snart. Vi kan ikkje vente på utredningane Regjeringa held på med, seier Hjermann til NRK.no.

Han seier barnevernstenesta i nokre kommunar i dag er så dårleg at born ikkje får den hjelpa dei treng.

- I nokre kommunar er tenestene både små og skrøpelege. Dei har dårleg økonomi og få fagpersonar, noko som gjer dei liten fleksibilitet i systemet sitt, seier Hjermann.

Barneminister Audun Lysbakken meiner fleire småkommunar må gå saman om å drive barnevernstenester. Han vil likevel ikkje bruke pisk for å få det til.