I kveld blir siste episode i denne sesongen av Klart eg kan! sendt i Barne-TV.
Du kan følgje den unge guten som vil plukke sopp og fiske slik at han kan lage sin eigen mat på turen. Men vil han få fisk, og vil han finne sopp – og viktigst – vil han klare å sovne når natta kjem?
Følg Jakob Mathias i Barne-TV på NRK Super tysdag klokka 18:20.
Dokumentarserien Klar eg kan! som NRK Sogn og Fjordane står bak, handlar om born som vågar å utfordre seg sjølv.
Opptaka til femte sesong er no i gang. Prosjektleiar Terje Gilleshammer leitar etter born i alderen 4–8 år som kan og har lyst å vere med i serien.
– Det må vere ungar som skal klare noko. Gjerne kvardagslege ting. Ikkje alle treng hoppe i ein 15-metersbakke som ein av ungane gjer. I tidlegare episodar har vi sett born til dømes slutte med smokk, ein strikkar luer til heile fotballaget, ei lærer å symje, seier Gilleshammer.
Kjenner du nokon som kan passe inn, så ta kontakt med NRK Sogn og Fjordane på telefon 57 72 42 42, eller send ein epost til sf@nrk.no.
- LES OGSÅ: