Politiet fekk dei første meldingane like før midnatt. Skremde fornærma fortalde politiet om bruk av både kniv og pistol.
Rana skjedde på strekninga Bryggen – Magdalenagangen.
– Dei retta våpena mot forbipasserande, og bad dei om å gi frå seg mobil og lommebok. Fleire har gjeve frå seg verdisaker, seier operasjonsleiar Per Algerøy ved Vest politidistrikt.
Ber om tips
– Politiet har framleis fire arresterte som sit i varetekt. Vi har i løpet av dagen avhøyrt fleire fornærma og vil avhøyre dei sikta i løpet av dagen, opplyser politiadvokat Elisabeth Morstøl til NRK laurdag ettermiddag.
– Politiet ønskjer tips dersom nokon var vitne til det som skjedde, seier Morstøl.
Dei fire blei først sikta for truslar. Det vil bli vurdert om siktinga skal utvidast til ran.
– Dette på bakgrunn av forklaringar frå dei fornærma. Dei opplyser at dei skal ha blitt trua med luftvåpem og kniv i samband med at dei har blitt fråtekne gjenstandar.
Søndag vil det vurdert om det er grunn for om varetektsfengsling.
– Ei veldig alvorleg sak
Dei fire vart arresterte i Nikolaikirkeallmenningen. Då hadde fleire væpna politipatruljar søkt i kring halvtime.
På den 20 år gamle kvinna fann politiet ein gasspistol. Like ved fann også politiet kniven som dei fire nytta.
Nokre av dei arresterte er sokalla kjenningar av politiet frå liknande forhold tidlegare.
– Dette er ei veldig alvorleg sak, og dramatisk for dei fornærma, seier Algerøy.