Væpna politi rykka ut i Bergen

Ein bebuar melde om ein truande mann i Damsgård i Bergen klokka 16.45 i dag. Mannen skal ha vore truande med ein kniv. Politiet tok kontroll på mannen i 50-åra. Han blir meld, melder Vest politidistrikt.