VÆPNA MENN RANA TAXI:

Klokka 00.44 fekk politiet melding om at ein taxisjåfør hadde blitt rana ved Sandalsvegen i Bergen. Sjåføren opplyste om at to personar hadde trua han med skytevåpen, før dei forsvann i ein ventande bil. Politiet har ikkje arrestert nokon i løpet av natta.