Væpna aksjon i Ibsens gate

Klokka 22.17 kom det inn ei melding frå ein bebuar i Ibsens gate i Bergen. Innringar blei drapstrua av ein annan bebuar med kniv, og hadde stengt seg inne på eit rom då politiet blei varsla. 22.24 var det ein patrulje på staden, kor det var totalt fem personar. Ingen blei skada. Den trugande personen sit i varetekt, og blir avhøyrt ila. dagen, opplyser operasjonsleiar i politiet.