Hopp til innhold

Væpna aksjon i Alver

Væpna politi rykka ut til ei adresse i Alver ved 15.30-tida i dag, der ein mann var påført skotskade i magen. Det var personell frå luftambulansen som melde frå. Politiet har teke hand om våpenet, og den skadde vart frakta til sjukehus for behandling. Skadeomfanget er ukjent.

– Det var ingen dramatikk på adressa då me kom, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Det er så langt ukjent kva som har skjedd og kor mange som har vore til stades. Politiet tek sikte på å få avhøyrt den skadde torsdag.

Klokka 18.10 opplyste politiet at krimteknikarar var på veg. Ved 21-tida er krimteknikarane og ein lokal patrulje framleis på staden og gjer taktiske og tekniske undersøkingar. Ingen har så langt status som mistenkte i saka.