Den 19 år gamle mannen frå Usbekistan vart henta livlaus opp frå sju meters djup klokka 16.20 tysdag ettermidddag.
På badetur
Han var på badetur med ein 18 år gamal skulekamerat då ulukka skjedde. Kameraten fekk tak i folk og starta gjenoppliving på staden. Mannen hadde då vore under vatn i ein time og var utan puls og pust.
19-åringen vart henta av luftambulanse og frakta til Sentralsjukehuset i Førde. Han døydde på sjukehuset klokka 21.30 tysdag kveld.
Minnemarkering
Verdsgymnaset i Fjaler, der 19-åringen var elev, vil ha ei markering for dei attverande elevane i løpet av onsdagen. Skulen vil etterkome ønskjet frå familien, og vil sende den avdøde til Usbekistan så snart det let seg gjere.