Hopp til innhold

Uvissa rår i Elkem

Dei tilsette ved Elkem Bremanger er uroa for framtida, sjølv om sør-koreanske Posco no skal ha trekt seg som kjøpar.

Elkem Bremanger

BLIR SELT? Elkem Bremanger er eigd av Orkla med Stein Erik Hagen som største aksjonær.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sidan slutten av august har det vore spekulert i om Elkem skulle få asiatiske eigarar. I Svelgen har dei tilsette lenge frykta for at Orkla skal selge Elkem til utanlandske eigarar.

Men i helga skreiv økonominettstaden E24 at sør-koreanske Posco har trekt seg som kjøpar, men framleis skal det vere moglege kjøparar til industrikonsernet.

– Vi vurderer ikkje seriøst å kjøpe Elkem, sa Chung Joon-yang, konsernsjef og styreformann i Posco, til Reuters under ein konferanse i Seoul.

– Dette er heilt nytt for meg, men det forandrar ingenting, for det er fleire interessentar, seier klubbleiar Knut Sande ved Elkemp Bremanger.

Han fortel at dei tilsette i Svelgen er uroa for framtida.

– Vi veit jo ikkje kva som vil skje framover. Dei er usikre, seier Sande til NRK.

Hovudeigar i Orkla, Stein Erik Hagen har ved fleire høve signalisert at han vil selje sideverksemder i konsernet.

Posco er verdas tredje største stålprodusent, og omsette for 193 milliardar kroner i 2009.