– Det er eit veldig godt tiltak, seier Arne Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport.
Dei har merka stor forskjell etter at Statens vegvesen sette opp uvêrslys på vêrutsette rv. 52 over Hemsedalsfjellet i 2016.
Ahlin meiner lys, samt betre vinterdrift, har ført til meir open veg. Det er positivt for bedrifta som dagleg køyrer over fjellet mellom aust og vest.
Dei siste åra har det blitt mindre kolonnekøyring og stengde fjellovergangar enkelte stadar.
Såg lyset
Det var E134 Haukelifjellet som først såg lyset fleire år tilbake. Erfaringane var så gode at fjellovergangane mellom aust og vest lengre nord skulle få lys.
Først Hemsedalsfjellet, før nye E16 Filefjell stod klar med lys hausten 2017.
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier dei no ser klare teikn på at investeringane gjev resultat.
– Vi ser at vi kan vente lenger før vi startar kolonnekøyring, og at det skal meir til før vi stenger vegen, seier han.
Brøytesjåfør Stig Arve Neshagen er ein av fleire som brøyter vegen over Filefjell. Han er ikkje i tvil om effekten av lysa.
– Utan lys skal det ikkje noko vind til før vi må ha kolonnekøyring, seier Neshagen.
Kostar for mykje
Sjølv om erfaringane er gode etter at fjellovergangane på Hemsedal og Filefjell fekk lys, blir det ingen lysfest på alle fjellovergangar.
Prisen er høg, og det er ofte komplisert å gjere tiltaka, mellom anna på grunn av geografien.
– Lyspunkta må bli plasserte slik at dei ikkje blir skadde av brøyting eller skredfare, seier Svenn Egil Finden i Vegvesenet.
Investeringa på vel 3,5 kilometer veg på Hemsedalsfjellet hadde ein prislapp på 10,5 millionar kroner. På Filefjell kosta 9 kilometer med lys nesten 13 millionar kroner.
Til dømes må Vikafjellet sjå langt etter lys. Heller ikkje rv. 15 over Strynefjellet har lys.
Leiaren i Slinde Transport er glad for lys, men seier han kunne tenkt seg meir då Vegvesenet først gjorde investeringar på vegen.
– Dei kunne asfaltert vegen breiare då dei først gjorde jobben. Her kunne dei ha gjort det på ein annan måte, seier Ahlin.