Hopp til innhold

Uvêret held fram – stengd eller kolonne på dei fleste fjellovergangane

Snø og sterk vind i fjellet skapar store problem før julehelga. – Det blir berre verre utover dagen. Reis i dag, eller vent til julaftan.

Stengt på Hardangervidda

STENGD: Statens vegvesen klarar ikkje opna Hardangervidda før tidlegast vesle julaftan. Dette bilete er frå Leiro bom og tatt klokka 06.

Foto: Statens vegvesen

Oppdatering fredag kveld: Opna for kolonnekøyring på Hardangervidda for køyretøy over 7.5 tonn, framleis stengd for personbilar. Fredag morgon melde Statens vegvesen at vegen over Hardangervidda ikkje ville verta opna før vesle julaftan. No melder vegvesenet på Twitter at vidda er gjenopna for kolonnekøyring for store køyretøy. Sjå oversikt over alle fjellovergangane i botn av saka.

Vegtrafikksentralen og meteorologane ber trafikantar som skal over fjellet før jul om å reisa i dag eller utsetja turen til julaftan. Fredag morgon er det stengde bommar og kolonnekøyring over fleire fjellovergangar i Sør-Noreg.

– Det er full storm i fjellet og vanskelege køyreforhold. Akkurat no er det ikkje særleg greitt å koma seg over, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Kristin Sæther.

Statsmeteorolog Siri Wiberg Horjen forteller at det blir et lavtrykk over store deler av landet - og advarer mot å kjøre over fjellet lørdag.

Statsmeteorolog Siri Wiberg svarer NRK sine brukarar om julevêret. Her avslører ho kva for ein stad som får best vêr i jula, og kva for ein dag ein bør unngå å reise på.

Hardangervidda: Kolonnekøyring

Det har vore sterk kuling og snøbyer i fjellet i Sør-Noreg torsdag og natt til fredag. Fleire stader har det blitt innført kolonnekøyring på kort varsel.

– Vêret skal bli dårlegare og det kan bli stengd på fleire fjellovergangar. Basert på varselet frå meteorologane, bør ein finna seg eit vindauge før vesle julaftan eller rett og slett venta til sjølve julaftan med å køyra over, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Statens vegvesen.

Laster Twitter-innhold
Farevarsler flere steder i landet. John Smits gir deg værmeldingen for julehelgen.

Haukelifjell: – Svært vanskeleg å halda vegen open

På Haukelifjell har det vore kolonnekøyring sidan midnatt. Etter ein periode med betre vêr, er vinden i ferd med å ta seg opp att klokka 7. Vegen kan bli stengd på kort varsel.

– Det er dårleg sikt og fare for at vegen kan bli stengd på veldig kort varsel. Det er null sikt, stiv kuling og svært vanskeleg å halda vegen open, seier brøytevakt Per Ove Tveit på Haukelifjell brøytestasjon.

Også på Filefjell er det dårleg vêr, med storm og snøbyer. Men fjellovergangen er den einaste som er heilt open mellom aust og vest.

– Det er sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet. Utover fredagen får me eit vêrskifte, som vil gi mildvêr og regn, også over 1500 moh., seier statsmeteorolog Sæther.

Men enno skal det snø kraftig før regnvêret slår inn. Vegvesenet sine entreprenørar har full vinterberedskap på overgangane.

Det er framleis eit håp om at byeaktiviteten vil minka og vinden løya fredag ettermiddag. Det er kanskje det beste tidspunktet å forsøka å kryssa fjellet på, ifølge meteorologen.

Laster Twitter-innhold

Vurderer å varsla ekstremvarsel for vesle julaftan

Eit lågtrykk i havet vest for oss kan gi storm og ekstremvêr langs vestlandskysten vesle julaftan. Meteorologane følger utviklinga tett. Fredag morgon seier Sæther at dei enno vurderer om dei skal trykka på den store, raude knappen.

– Enn så lenge overvakar me situasjonen tett. Det er uansett venta store nedbørsmengder med veldig stigande temperaturar. Når nedbøren kjem i form av regn på høgfjellet, vil det bli glatt. Spesielt når temperaturen skal sokke utover vesle julaftan, seier Sæther.

Utover ettermiddagen på vesle julaftan skal temperaturen igjen gå ned og nedbøren går over til snøbyer. Det kan igjen skapa vanskelege køyreforhold.

Slik er forholda på fjellovergangane fredag klokka 17.10:

  • Rv7 Hardangervidda: Kolonnekøyring
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring. Kan bli stengd på kort varsel
  • Rv52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring
  • E16 Filefjell: Open. Einaste overgangen mellom aust og vest med normal trafikk.
  • Fv50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring, styrt trafikkavvikling.
  • Rv13 Vikafjellet: Kolonnekøyring
  • Rv9 Hovden-Haukeli: Open. Lett bris og snøbyer
  • Rv15 Strynefjellet: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv53: Tyin-Årdal: Stengd for alle køyretøy ut dagen.