Hopp til innhold

I dag var det sol – i morgon ventar meir regn

RAUDEBERG/FLORØ (NRK): Dårleg vêr gjer at mange fiskarar er landfaste. I dag gløtta sola fram, men i morgon blir det meir regn og vind.

Dag Husevåg

LITE FISKE: Sjarkfiskar Dag Husevåg har fiska lite i det siste på grunn av vêret.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I fleire veker har sjarkfiskar Dag Husevåg og fleire andre sjarkfiskarar vore landfast grunna mykje vind og dårleg ver.

– Det har vore sørvest kuling og storm sidan før jul og fram til no.

Det har vore dårleg butikk for dei mindre båtane som vanlegvis plar fiske kring Stad.

– Det er lite å gjere for oss med små sjarkar. Vi må vel grave etter dei gamle pengane som ligg på konto. Det er ikkje anna å gjere. Men dette har vi vore borti tidlegare.

Ein soldag

I dag kunne derimot mange stå opp til sol og svak vind. I Florø kunne arbeidarane på byggjetomtene droppe regnkleda.

– Det var herleg å stå opp i dag, seier Thor-Arne Ullaland.

Han er byggherre på Notømarka Panorama. Dei brukte dagen flittig etter å blitt forseinka grunna sterk vind og dårleg ver.

– Mange dagar vi har vore nøydde til å stoppe arbeidet og finne gjere.

Andre nytta høve til å gå seg ein tur under blå himmel og sol.

– Det er fantastisk, det gjer så mykje for humøret. Eg berre går og smiler, seier Cecilie Olsen.

Thor Arne Ullaland

NYTTAR HØVET: I Florø nytta byggherre Thor-Arne Ullaland høvet til å få unna arbeid på byggjeplassen. Arbeid har vore utsett grunna dårleg vind dei siste vekene.

Foto: Steinar Lote / NRK

Får inn lite fersk fisk

Når mange fiskarar ikkje har kome seg ut på sjøen, får fiskeindustrien også merke dette. Dagleg leiar Steven Jensen i Snorre Seafood på Raudeberg seier dei får lite fisk inn på mottaket.

Steven Jensen

TEK IMOT FISK: Dagleg leiar Steven Jensen i Snorre Seafood.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Etter jul har det nesten ikkje vore ein einaste fiskedag. Her har det ikkje kome inn noko særleg fisk i år, men vi har heldigvis anna å jobbe med som frosen fisk. Fersk fisk er lik null no.

Sjølv om det var godt ver i dag, er ikkje fiske gjort på ein dag.

– Fiskarane treng fleire dagar før sjøen blir så roleg at fisket tar seg opp.

Dei har endra produksjonen over tid slik at dei klarer seg også når dei ikkje har tilgang på fersk fisk.

– Vi driv meir med foredling, der mottak av fisk eigentleg blir meir ein attåtnæring. Vi ville hatt meir fisk, og vi tar det vi får.

Meir regn i vente

– Nei, langt ifrå, er statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid sitt kontante svar på spørsmål om vi kan vente oss fleire dagar med sol.

Allereie i morgon er det venta opp til 50 millimeter med regn på dei mest utsette plassane, og det vil vere eit tungt skydekke som heng over fleire stader.

I store delar av landet er det oransje farevarsel for snøskred. Det skuldast i hovudsak sterk vind i fjella, fortel meteorologen.

Finnmark har onsdag hatt store utfordringar med vêret. Fleire bygder er isolert, og fleire har problem med å kome seg til sjukehuset i Vest-Finnmark.

Laster Twitter-innhold