Uvêr stengjer vegar: – Ta med mat og ekstra klede om du skal køyre i fjellet

Uvêret herjar på fjellovergangane og langs kysten. Fleire vegar er stengde og ferjesamband er innstilte. Mange er og straumlause.

Dyranut på riksveg 7 over Hardangervidda.

STENGT: Slik ser det ut søndag føremiddag på riksveg 7 over Hardangervidda ved Dyranut 1250 meter over havet.

Foto: Statens vegvesen

– Ta med ekstra klede og godt med mat. Pass på at bilen har nok straum eller drivstoff. Turen kan ta lenger tid enn planlagt.

Oppmodinga frå trafikkoperatør i Statens vegvens, Jørgen Bødtker, er tydeleg. Skal du over fjellet mellom aust- og vestlandet i dag, må du vere førebudd på stengde vegar eller lang venting på kolonnekøyring.

I fjellet er det kraftig vind og tett snøvêr.

– Det er generelt dårleg sikt og vanskelege køyreforhold, seier Bødtker til NRK søndag formiddag.

Status på fjellovergangane

Klokka 17 søndag ettermiddag var dette status på dei viktigaste fjellvegane i Sør-Noreg.

  • E134 Haukeli: kolonnekøyring
  • E16 Filefjell: Kan bli kolonne på kort varsel
  • Rv 7 Hardangervidda: stengt. Vert ikkje opna i dag. Ny vurdering måndag klokka 10.
  • Rv 13 Vikafjellet: stengt. Vert ikkje opna i dag. Ny vurdering måndag klokka 10.
  • Rv 15 Strynefjellet. Stengt. Vert ikkje opna i dag.
  • Rv 52 Hemsedal: Kolonnekøyring. Ein time ventetid.
  • Fv 50 Aurland-Hol: Kolonnekøyring. Kolonne vert køyrt kontinuerleg.
  • Fv 53 Årdal – Tyin: Stengt.
  • Fv 51 Valdresflye. Stengt. Vert ikkje opna i dag.
  • Fv 55 Sognefjellet: Stengt. Ny vurdering måndag klokka 08.

Førebels er det berre E16 over Filefjell som er open for fri ferdsel, men også her kan det verte innført kolonnekøyring på kort varsel.

– Kjempar i snøvêret

– Mannskapa kjempar for å halde vegen open, seier Bødtker.

Han ventar ikkje at køyreforholda vert betre utover dagen.

– Det er ingen teikn til betring i vêrmeldingane utover dagen. Det vert mykje vind i fjellet i dag, fortel trafikkoperatøren til NRK.

100 isolerte

Laurdag gjekk det eit jordras som stengjer fylkesvegen til Oldedalen i Stryn. Her er kring 100 personar no isolerte. Det er uvisst når vegen vil opne igjen, men Vegvesenet seier at dei vil gjere ei ny vurdering klokka 14 måndag. I mellomtida stiller Røde Kors med båttransport forbi rasstaden ved behov.

Elles i låglandet, på kysten, er fylkesveg 714 Dolmsundbrua mellom øyene Hitra og Dolmøya i Trøndelag stengt på grunn av sterk vind.

Fleire stader i Sør-Noreg målte Meteorologisk institutt heftige vindkast natt til søndag. Ved Juvasshøe vart det målt vindkast på heile 45,6 m/s.

Laster Twitter-innhold

Vil blåse heile søndag

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen fortel at det vil blåse kraftig frå vestleg retning i heile dag, samstundes som det vil snøe godt.

– Det vil blåse sterk kuling, liten storm både i fjellet og på kysten i heile dag. Først seint i kveld vil vinden dreie på nordvest, og vêret vil då gradvis roe seg.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for kraftige vindkast i Agder søndag. Det er venta vindkast på 20–25 m/s. Søndag skal vinden minke.

Laster Twitter-innhold

Første del av måndag vil vi få ein pustepause i uvêret, før det dreg seg til igjen måndag kveld med nytt lågtrykk, kraftig vind og mykje nedbør.

Innstilte ferjer og jordras

Også langs kysten tek vinden søndag godt.

Det får konsekvensar for fleire ferjesamband. Blant dei mest trafikkerte er ferjene på E39 over Boknafjorden. Her går ferjene no som normalt igjen etter at ferjene ei stund søndag måtte gå til Hanasand i staden for Mortavik på grunn av vinden.

Ferja til Kvitsøy i Rogaland går som normalt, men kaptein Tron Hviding fortel om god sjøgang

På Nordmøre er ferjesambandet Seivika-Tømmervåg innstilt.

I Møre og Romsdal er også fylkesveg 61 ved Sulesund stengt på grunn av eit jordras. Den vert ikkje opna i dag på grunn av rasfare. Ferja vil difor halde fram med å gå Hareid og Solavågen. Ferja går innom Sulesund om fastbuande har behov.

I same fylket er også ferjesambanda Småge – Orta innstilte og Brattvåg – Harøya innstilte på grunn av uvêr.

Mange straumlause i Trøndelag og Vestland

Fleire kraftselskap melder også om problem med straumforsyninga. I Vestland er kring 200 kundar framleis utan straum.

Også i Trøndelag er det søndag føremiddag fleire hundre som er utan straum som følgje av vêret.

– Det er vind og tre som har ramla over straumkablane som er hovudårsaka til straumbrota, seier pressevakt Tore Wuttudal i Tensio.

Det er nord for Trondheimsfjorden det er flest utan straum akkurat no. Men det er også fleire stader langs kysten at folk er straumlause.

– Der er det lynet som har tatt straumen til folk. Dei fleste fekk tilbake straumen i løpet av natta, men vi har måtte utsette repareringa i eit område på grunn av vêret. Der må vi ut i båt og det er ikkje forsvarleg no, seier Wuttudal.

Han opplyser at det er folk ute for å løyse problema.