Hopp til innhold

Uvêr på Vestlandet: E 16 open igjen etter ras

Uvêret har ført til problem i Vestland. Fleire vegar er stengde og turgåar måtte bergast ned frå Trolltunga.

Ras E16

FRAMLEIS STENGT: E16 mellom Evanger og Bolstad vart stengt etter eit steinras gjekk like vest for Vassendaltunnelen.

Foto: Einar Larsen

SISTE: E16 mellom Evanger og Bolstad er open igjen

Det meldast om lange køar på Fv. 79, som også er ein av omkøyringsrutene etter raset på E 16. Det går føre seg oppryddingsarbeid på staden.

Det heftige regnet i går, har og skapt problem fleire stadar vestanfjells.

Mest regn kom det på Opstveit i Kvinnherad med 108 millimeter. På Gulfjellet blei det registrert 104 og i Etne 100 millimeter. I Bergen kom det 57 millimeter med nedbør.

Regnet har ført til fleire ras og kaos på vegane i Vestland.

E16 vart stengt i et halvt døgn mellom Evanger og Bolstad etter eit steinras gjekk like vest for Vassendaltunnelen tysdag kveld.

Ein lastebil køyrde på den største steinen som raste ned. Steinen vart kilt under lastebilen.

Turgåar måtte bergast ned frå Trolltunga

Ein person måtte bergast ned frå Trolltunga. Han søkte ly i ei naudbu og meldte politiet kring klokka 16.15 at han hadde gått seg vill.

Personen blei overraska over både mørket og dårleg vêr. Han har uttrykt at han har gått med snø opp til livet enkelte stadar, opplyste politiet til NRK.

Ein stor redningsaksjon blei sett i verk i krevjande forhold, da det var for dårleg ver til å fly. I tillegg var det farleg med stor skredfare i området.

Leiteaksjon Røde kors Trolltunga

LEITEAKSJON: Røde Kors rykka opp i fjellet med minst tre lag og beltevogn.

Foto: Røde kors

Like over klokka 04 natt til onsdag, fekk politiet stadfesta at ein franskmann var berga ned frå ei naudbu på Trolltunga.

– Då han kom ned var han i god fysisk form, seier operasjonsleiar Tor-Andre Brakstad ved Vest politidistrikt.

Nødbu Trolltunga

NØDBU: Slik ser ei av dei to naudbuene på veg til Trolltunga ut.

Foto: Rolf Bøen / Trolltunga AS

Ras på E39 og rv. 13, Vikafjellet og Gaularfjellet stengt

Også over E39 mellom Er-An vegkro og Søfteland skule gjekk det eit ras. Jordraset var ifølgje Vegtrafikksentralen kring tre meter breitt. Eitt køyrefelt vart stengt tysdag kveld, men vegen er opna att for fri ferdsel.

Riksveg 5 Naustdalvegen var stengd ved Fureneset i Sunnfjord grunna isnedfall tysdag kveld. Vegen er no open att.

Fv. 613 over Gaularfjellet er stengt grunna uvêret. Det skal vurderast om vegen kan opna att torsdag klokka 11. Rv. 13 over Vikafjellet er også stengd.

Vegvesenet har også fått fleire meldingar om isnedfall i fylket i morgontimane onsdag.

Forutan Fv. 5400 mellom Dale og Bulken, har det blitt rapportert inn liknande forhold blant anna i Osterøy-området, i Lofthus, Kinsarvik og fleire stader langs rv. 13 og rv. 610 Eldalsosen i Sunnfjord.

Vikafjellet er stengt

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er stengd grunna uvêr.

Foto: Statens Vegvesen

To påkøyrslar nesten samtidig

16.36 tysdag fekk politiet to meldingar om at personar var påkøyrt i to ulike fotgjengarfelt i Bergen.

Ein mann på sparkesykkel var påkøyrd i Fyllingsdalen, og ei kvinne var påkøyrd i ein fotgjengarovergang i Sædalen. Begge dei to vart frakta til Haukeland.

– Det er ikkje tilfeldig at me får inn to slike hendingar samtidig når det er vått og mørkt ute, seier operasjonsleiar Knappen.

Ho ber difor alle trafikantar vera forsiktige.