Snekke gjekk under
Elva Jølstra gjennom Førde sentrum har vakse kraftig i løpet av måndagen. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Ei snekke gjekk under i stormkasta måndag føremiddag. Ho låg ved ei brygge i sentrum av Florø. Årsaka til at ho gjekk ned var at det vart slått hol i botnen. Også fleire andre småbåtar har slite seg eller vore i ferd med å slite seg, opplyser politiet.
Politiet i Hyllestad melde om ein mørkegrøn båt som flaut med kjølen i veret i Leirvik. Båten er fire meter lang, spiss i begge endar, og er utan motor. Lensmann Egil Husabø trur båten sleit seg i den kraftige vinden natt til måndag og er interessert i å kome kontakt med eigaren. Ingen personar er sakna.
Eit oppdrettsanlegg til Pan Fish på Barmøya sleit seg i den sterke vinden og rak inn i fjøresteinane. Eigarane greidde i løpet av føremiddagen å sikre anlegget. Det var ikkje fisk i merdane, opplyser Fiskeridirektoratet.
Rutebåtar ute av drift
Alle Fjord 1 Fylkesbaatane sine ruter i Florøbassenget var måndag føremiddag innstilte på grunn av uvêr og kraftig vind. Vêret gjorde at mange av øybuarane ikkje kom seg på jobb.
Solheimsfjorden i Flora. (Webfoto: ProDat).
Hurtigruta M/S Nordkapp, som skulle lagt til kai i Florø klokka kvart over åtte måndag morgon, måtte berre passere forbi på grunn av sterk storm i området.
Flaumar på veg og gard
Ei elv gjekk over breiddene sine ved Hårklau i Haukedalen i Førde, og delvis stengde vegen. Det har vore mykje vatn og ein del stein i vegbana. Vegstellet arbeidde måndag føremiddag med å reinske opp i vegbana og elveløpet.
Ein kommunal veg på Stårheim er vaska vekk av dei store nedbørsmengdene, og det er vanskeleg å kome fram til tre bustadhus. Bebuarane i husa arbeider med å utbetre vegen.
Flaum på Bryggja i Vågsøy Foto: Inge Skavøypoll, NRK
I Esefjorden i Balestrand arbeidde Leif Magne Vigdal med å grave grøfter for å redde gard og grunn som er truga av flaum.
Ein familie i Rugsundet har fått store skader på eigedomen sin. Store deler av hagen er øydelagd, og vatnet er i ferd med å trengje inn i kjellaren. Familien arbeidde måndag med å leie vatnet vekk frå huset, opplyser politiet i Bremanger.
Politiet opplyser at dei har fått fleire meldingar om naturskader. Elvar har teke nye vegar, og dyrka mark og vegar er øydelagde. Dette gjeld i hovudsak i Bremanger, Vågsøy.
Sivilforsvaret i Eid er dessutan kalla ut for å reise til Vanylven for å hjelpe til med flaumskader der.
Flaumfaren over
Flaum i Anga. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Den største flaumfaren var måndag ettermiddag over. Det seier Ivar Sægrov, fungerande regionsjef i Norges vassdrags- og energidirektorat. NVE varsla tidlegare i dag femårsflaum i Nordfjord, men nedbøren har blitt litt mindre enn fyrst varsla.
Ivar Sægrov i NVE seier dei som ikkje er råka av flaum hittil, sannsynlegvis ikkje vert råka i det heile.
Ingen hovudvegar stengde
Ingen av dei store vegane i fylket vart stengde på grunn av uvêret, men frå mange hald, særskilt i kystkommunane, blir det meldt om store mengder vatn i vegbanene. Det opplyser vegmeldingssentralen.
I Bremanger var to bilar svært nær ved å frontkollidere på grunn av vassplaning, opplyser politiet. Førarane klarte å manøvrere slik at skadene på bilane vart minimale, men politiet åtvarar trafikantar mot denne fåren.
Ras i Jostedalen
Fylkesveg 334 mellom Elvekrok og Fåberg i Jostedalen vart i helga stengt for store bilar i over eitt døgn på grunn av steinras. Ei 20 kubikkmeter stor steinblokk hadde sige ut i vegbana.
Steinblokka vart sprengt bort sundag ettermiddag, og vegen er no opna for fri ferdsel, melder Statens Vegvesen sin vaktsentral.