Hopp til innhold

Pleidde å få tre gonger så mykje aure i toppvatn – veit ikkje kva som har skjedd

JØLSTER (NRK): Jølstravatnet er anerkjend for fiske av innlandsaure. Årets sesong har vore prega av uvanleg lite fangst og små fiskar.

Terje Årnes på Jølstravatnet

ELENDIG: Terje Årnes opplever lite fisk i garna.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Det er det dårlegaste eg har fått sidan eg byrja med denne garnmengda. Nokon gong. Det er heilt sikkert, seier Terje Årnes.

Han har fiska aure i Jølstravatnet kvar sesong i over 40 år og aldri opplevd liknande. Helst skulle han levert 20–30 kilo fisk i døgnet, men gjennomsnittet denne sesongen anslår han å ligge på rundt 10 kilo.

VIDEO: Terje Årnes fiskar jølstra-aure med garn.

– Det starta så elendig. Og det har eigentleg vore dårleg fiske. Det er berre ein tredel av det eg fekk i fjor, fortel han.

Langt ifrå normalen

– Det er ikkje berre storleiken på jølstra-auren som er mindre enn normalt, seier Finn Årdal ved fiskemottaket Jølsterlia på Jølster.

I ein normal sesong skulle han ha teke imot nærmare fem tonn med jølstra-aure på denne tida, men i år har berre tre tonn vore innom vekta. No forventar han at årets fangst vil ende på 60 prosent av normalen.

Fiskemottaket for Jølstraaure Jølsterlia

LITE PÅ VEKTA: Finn Årdal har teke imot merkbart mindre fisk denne sesongen.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Vi må rekne med at det svingar når vi skal hauste av naturen, fortel Årdal.

Han har ikkje klare svar på kvifor sesongen skil seg ut frå tidlegare år, men seier at gyteforholda for fire-fem år sidan kan vere ei av årsakene.

Berre spekulasjonar

– Vi er i gong med å prøve å nøste opp litt, men vi er ikkje komne så veldig langt endå, seier forskar og fiskeøkolog Harald Sægrov.

Han er på saka for å forsøkje å finne ut kvifor Årnes og dei andre fiskarane har hatt ein skuffande sesong i år.

– Eg tok nokre planktonprøvar med utgangspunkt i at det har vore mykje nedbør i vinter. Det eg har lurt på er om vatnet har vorte meir næringsfattig i samband med dette, fortel Sægrov.

Sjølv om dei går inn med ulike tilnærmingar for å forsøkje å nøste opp i kva som er problemet, er det vanskeleg å setje fingeren på noko. Foreløpig er det berre spekulasjonar.

Viss maten er vekke får ikkje vi fisk heller, seier Årnes.

Terje Årnes dreg garn

EIN AV FÅ: Denne aura var ein av få i garna denne dagen.

Foto: Seline Larsen / NRK

Til vanleg er han tunnelarbeidar på fulltid. For å kunne fiske aure tek ikkje han ut ferievekene sine før i garnsesongen. Sjølv om årets fangst er skuffande for Årnes, er han sikker på at det blir fiskeferie neste år også.

– Dette er noko som ligg i blodet, som eg sikkert aldri greier å slutte med. Gøy er det uansett, fortel han.