Hopp til innhold

Skal du heim frå juleferie? Dette er status på vegane no

Kraftig snøfokk og mykje vind i fjellet i Sør-Noreg skapte utfordringar nyttårsaftan. 1. nyttårsdag er situasjonen framleis utfordrande på fleire viktige fjellovergangar.

Brøytebil over Haukelifjell nyttårsaften 2019

SNØFØYK: Det blas opp på Haukelifjell nyttårsaftan. 1. nyttårsdag er det kolonne på strekningen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Sterk vind og glatte vegar gjorde at fleire av dei viktigaste fjellovergangane i Sør-Noreg vart stengt nyttårsaftan.

Utover dagen vart det varsla sterkare vind, meir nedbør og aukande temperaturar.

– Alt dette kan føre til at det blir innført kolonnekøyring på fleire strekningar og at fleire fjellovergangar kan bli stengde. Det bør folk som har planar om å kryssa fjellet merka seg, sa trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen på Vestlandet tysdag.

1. nyttårsdag er situasjonen framleis utfordrande på fleire fjellovergangar.

– Det blir meld om mykje vind i fjellet og redusert sikt. Det kan endra seg når det blir lysare, men samstundes er vêrprognosane ganske stabile utover dagen, seier trafikkoperatør Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen onsdag morgon.

Dette er status på vegane no (oppdatert 1. januar kl 16:55)

Fjellovergangar i Sør-Noreg:

  • Rv52 Hemsedal: Ope. Kan bli kolonne på kort varsel.
  • E16 Filefjell: Ope.
  • E134 Haukelifjell: Ope
  • Rv7 Hardangervidda: Kolonnekøyring for alle køyretøy
  • Fv50 Aurland – Hol: Ope
  • Rv13 Vikafjellet: Ope
  • Fv53 Tyin – Årdal: Ope
  • Rv15 Strynefjellet: Ope
  • Rv9 Hovden – Haukeli: Ope

Fjellovergangar i Nord-Norge:

  • E6 Saltfjellet: Ope, men det er veldig glatt føre og store køyretøy bør bruke kjettingar.
  • E6 Kvænangsfjellet: Ope
  • E69 mellom Skarsvåg og Nordkapp: Kolonnekøyring
  • E10 Bjørnfjell: Kolonnekøyring
  • Fv 889 Snefjord - Havøysund: Stengt
  • Fv 98 Ifjordfjellet: Kolonnekøyring

Fleire vegmeldingar kan du lese her.

Tilrår Filefjell

Det ser altså ut som vinden skal halde seg utover dagen. Evensen ved Vegtrafikksentralen tilrår dei som skal mellom aust og vest å køyre Filefjell onsdag føremiddag.

– Det ser ut på prognosane at E16 skal ha dei rolegaste vindforholda, så det kan vera det sikraste valet i dag. Men det kan også her bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

I går vart det tidleg klart at Hardangervidda ville bli stengd heile dagen. Førebels vil ikkje Vegtrafikksentralen gå ut med ein tilsvarande beskjed onsdag.

– Vi får sjå korleis forholda er om nokre timar, seier Evensen.