Hopp til innhold

Utvidar for å ta imot fleire campingturistar

Bubil-forhandlarar melder om dobla sal i 2021. I turistbygda Loen må Kjell utvide campingplassen for å få plass til alle bilane.

Kjell Loen - campingeigar

GOD SESONG: Kjell Loen trur på ein minst like god campingsesong denne sommaren som i fjor.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Reiselivsbransjen ventar at mange nordmenn vil feriere i heimlandet også denne sommaren.

– Eg håper sesongen blir like god som i fjor, seier Kjell Loen ved Lo-Vik Camping.

Som mange andre var campingeigaren i turistbygda Loen i Nordfjord usikker på korleis pandemien skulle slå ut på turisttrafikken i 2020.

Eitt år etterpå satsar han stort og trur på ein enda betre turistsesong enn i fjor.

– Då var det ganske kaotisk frå jonsok til 20. august. Det rann inn med folk heile tida. Det var kanskje litt for mykje folk. Eg trur alle vart nøgde likevel.

Mot sommaren har han laga til eit større område som kan takast i bruk.

– Det er 30 nye plassar til bubilar og campingvogner.

Gloppen Camping og fritidssenter

STOR PÅGANG: Fleire campingplassar på Vestlandet opplevde rekordpågang sommaren 2020. Denne sommaren kan bli minst like bra.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Stor interesse for bubil

Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at salet av brukte bubilar gjekk opp med nesten 20 prosent i fjor. Bruktsalet av campingvogner gjekk opp med 7,5 prosent.

For førstegongsregistrerte bubilar og campingvogner gjekk salet ned, særleg i første halvdel av 2020. Men så snudde trenden gjennom sommaren, då alle forstod at dei måtte feriere i Noreg.

Det har ikkje blitt seld fleire bubilar i løpet av ein enkelt månad enn det vart gjort i juni og juli i fjor.

Bobiler til salgs.

FLEIRE BUBILAR: Det kjem til å kome fleire bubilar på norske vegar i 2021. Leverandørar har problem med å skaffe nok bilar.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

Utover hausten og vinteren har tendensen forsterka seg. Nordfjord Caravan er ein av fleire forhandlarar som opplever stor pågang om dagen.

– Så langt har det vore veldig bra. Salet har nesten dobla seg samanlikna med same tid i fjor, seier dagleg leiar Vidar Sunde.

Han ser ein klar tendens til at det er fleire førstegongskjøparar.

– Det er mange som ikkje har hatt bubil før. Det fører til at det blir få innbytebilar, og vi har lite brukt å selje ut igjen.

Vidar Sunde, Nordfjord Caravan

NESTEN DOBLA: Vidar Sunde i Nordfjord Caravan seier salet nesten er dobla så langt i år, samanlikna med i fjor.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Mangel på bilar

Utfordringa for bransjen no er å skaffe nok bilar til nordmenn som ønsker å feriere i Noreg.

Det er både mangel på leigebilar og nye bilar. Bubil- og campingvognaktøren Ferda seier dei merka auka sal utover hausten 2020, men at det er uvisst når ein del av bilane blir leverte. Enkelte vil truleg ikkje vere klare før sommaren.

– Tala viser at bubilsalet har auka i fleire europeiske land på grunn av restriksjonar og nye reisemønster, seier avdelingsleiar Jon Arne Torset.

For vestlandsavdelinga til Ferda er salet så langt i år 40 prosent høgre enn på same tid i fjor.

Ventar god sommarsesong

I fjor sommar var det ein kraftig auke av norske campingovernattingar, viser tal frå SSB. Likevel klarer ikkje nordmenn å fylle tomrommet etter utlendingar. Fjord Norway trur denne sommaren ligg an til å bli bra, men er meir usikker på om reisevanane endrar seg på lengre sikt.

– Eg trur nordmenn på nytt har oppdaga sitt næraste ferieland, men så trur eg når moglegheita byr seg at nordmenn også vil søke sol, strand og det som er meir eksotisk og annleis, seier adm.dir., Stein Ove Rolland.

Stein Ove Rolland

USIKKER PÅ REISEMØNSTER: Stein Ove Rolland i Fjord Norway er usikker på i kor stor grad nordmenn vil halde fram med å feriere i Noreg etter pandemien.

Foto: Privat