Hopp til innhold

Utvida kolonne i Måbøtunnelen

Frå klokka 08.00 blir kolonnekøyringa i Måbøtunnelen utvida frå 20 til 80 bilar. Det kan vera fire bussar med i kvar kolonne. Det vil vera brannvakt i tunnelen, difor slepp ein fleire bilar gjennom om gangen. – Om brannvesenet må rykka ut på andre oppdrag vil ein gå tilbake til 20 bilar om gangen, seier Heidi Hauge Rasmussen i Vegtrafikksentralen.