Arbeidet er eit samarbeid mellom Vener av Utvær, der Losnegård er med, Solund kommune og Kystverket.
Saman med ein kollega har Losnegård hatt ei lengre arbeidsøkt på Utvær i Solund kvar sommar sidan 2010. I år er det fyrmeisterbustaden og det største arbeidet som gjeld.
Det verste er over
– Den skal tilbakeførast til omtrent slik den såg ut når den var bygd, så det er eit stort arbeid. Vi skal kle av den gamle, fæle eternitten og få fram trekledning og få inn originale glas, fortel Losnegård.
Det verste arbeidet, å få vekk ytterkledningen i eternitt, er no over. Eternitt er ei blanding mellom asbest og sementblandingar, og har lenge vore forbode i Norge.
(Artikkelen held fram under biletet)
FORHOLDSREGLAR: Når ein jobbar med eternitt er det viktig å ha skikkeleg utstyr. Gassmasker og romdrakter var i bruk, fortel Ove Losnegård.
Foto: Ove LosnegårdNår ein startar arbeidet med eternitt kjem asbesten ut i lufta, og då er det viktig med gode forholdsreglar.
– Vi gjekk i romdrakter og gassmasker og det heile, men no har vi fått pakka den vekk i god plast med fareteikn på og lagt den klar til å deponerast, så no er vi ganske nøgd med at det er over. No er det å ta fatt på trekledninga, for den står like fin under eternitten, seier Losnegård.
Arbeid over fleire år
Det er hovudsakleg Vener av Utvær som står bak arbeidet, medan Kystverket står for finansieringa.
– Årets økt er ein del av ein lenger plan. I 2010 laga ein plan med mål om å restaurere bygga her ute. I år var det fyrmeisterbustaden, den store jobben, som stod for tur.
(Artikkelen held fram under biletet)
STORT ARBEID: Restaureringa av bygga på Utvær fyr starta sommaren 2010, og held nok fram eit par somrar til.
Foto: Ove LosnegårdLosnegård håpar at det i løpet av eit par år har fått nausta, fyrmeisterbustaden og brakka i god stand.
– Det ser veldig bra ut. Det er berre ein liten plass på fyrmeisterbustaden at vi har eit lite område med roteskade. Det er fantastisk, seier han.
Det er ingen fastbuande på Utvær lenger, men Losnegård fortel at det for om lag hundre år sidan budde vel 200 menneske når fisket var på sitt beste.
– Her var det kapell, kyrkjegard og skule. Så det var eit levande lokalsamfunn. No er det berre feriefolk, men dei held bustadane sine i god hevd og kjem tilbake kvart år.