Hopp til innhold

Regionlensmannen i Sogn åtvarar mot utspekulerte butikktjuvar

Politiet i Sogn åtvarar mot frekke butikktjuvar som er i området.

Trond Arne Aglen

BER BUTIKKAR VERE MERKSAME: Regionlensmann Trond Arne Aglen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Regionlensmann i Sogn, Trond Arne Aglen, seier tjuvane går fram på ein svært utspekulert måte.

– Dei kjem inn i butikken, forsyner seg med varer som dei fjernar prislappen på, og kjem i kassa for å reklamere på vara. Får dei ikkje pengar igjen for vara, forsvinn dei ut døra med ei vare dei ikkje har betalt for.

Denne veka har dei fått meldingar frå Sogndals-området, men Aglen ber butikkar i heile distriktet vere merksame.

– Dersom ikkje butikkpersonalet er merksame på at kunden har kome inn utan varer så er det fort å bli lurte.

Aglen seier metoden butikktjuvane nyttar er kjent frå andre stader, men er ny her i fylket. Butikktjuvane som har operert i Sogndalsområdet er med i eit følge med utanlandske «knivsliparar» som akkurat no oppheld seg i distriktet.

– Vi har fått melding om at knivsliparane oppsøker verksemder og er svært pågåande.

Også tidlegare har «knivsliparar» vore på ferde i fylket, og politiet åtvarar mot å kjøpe tenester av dei.

– Vi veit frå tidlegare at firma og tilsette er blitt lurte til å gi frå seg verktøy og utstyr som dei anten aldri ser igjen, eller for å bli presentert for rekningar som gjer at dei angar på heile handelen.

Torsdag måtte politiet rykke ut til campingplassen i Sogndal der reisefølget helt til, etter meldingar om støy, og at fordi dei ikkje respekterte reglane på campingplassen. Så langt har ikkje politiet vurdert å vise «knivsliparane» bort frå distriktet.

– Så langt har ikkje det vore aktuelt. Men vi er merksame på dei, og bortvising kan bli aktuelt dersom vi skulle kome til at vi ikkje ynskjer å ha dei her lenger.