Utsette sak om fagskular

Hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune utsette i dag saka om fagskulane si framtid, skriv fjt.no. Fylkesrådmannen tilrår at fagskulane i Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman til ein felles fagskule frå neste år.